155 gjekk Romjulsmarsj 2.juledag
Postet av Atle Jomar Hole den 26. Des 2025
Lenge sidan sist det var så mange registrerte deltakarar
Romjulsmarsjen til Velledalen IL har tradisjonar tilbake til 1979, som var året den fyrste marsjen vart arrangert. Deltakinga har variert i takt med vêr, føre og folketal. På det beste er det registrert over 230 deltakarar, men dette var i ei tid der det budde langt fleire menneske i Velledalen enn no. Ser vi tilbake til dei siste åra, er 155 deltakarar eit godt tal.
Trimgruppa hadde som vanleg gjort det koseleg innandørs, og rapporten seier at den tillaga maten vart riven vekk. Berre eit halvt rundstykke låg att då trimgruppa med Bjørg Frøystad Hole i spissen pakka ned. Alt i alt ein særdeles vellukka Romjulsmarsj, avvikla under optimale forhold. Ikkje glatt, ikkje nedbør av noko slag, og ikkje vind.
Velkomen att om eitt år!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sentrumsløpet: Anders Westrheim på 17.plass
25.04.2026
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026