Idrettsgalla 2025: Topp-prisane til Constantin og Malin

Postet av Atle Jomar Hole den 4. Jan 2026

 

Under Velledalen IL sin Idrettsgalla i Straumgjerde i går (3.januar), vart Malin Berge og Constantin Rust kåra til «Årets Utøvarar» for 2025.

 

Kring 60 personar var på plass, då prestasjonar frå Idrettsåret 2025 skulle gjerast stas på. Og det var ikkje så reint lite i gripe tak i, med eit år som har gitt NM-gull årsklasse K 50-54, NM-sølv årsklasse M 40-44, Midtnorsk meister i orientering, pluss pall-plass i ungdomsklassa i orientering. Tre KM titlar (ein i orientering, to på halvmaraton), fleire klassevise topp-10 plasseringar i store løp som Drammen halvmaraton, Hytteplanmila og BMW Oslo Maraton. Vi hadde beste nordmann i Tokyo Maraton (Njål), utøvarar som har konkurrert frå Sälen-Mora, i Gøteborg, København, Tokyo, New York, Budapest og Malaga, og ein utøvar som mangla 13 sekund på medalje i klasse kvinner elite under OCR-NM (Anette) og ein herre som kom på 5.plass i herre elite under NM (Konradløpvinnar Nikolai), og det har blitt sett klubbrekordar for Velledalen IL på fylgjande distansar:

3000 meter baneløp: Constantin Moses Rust, 8.42 på Bislett Oslo - 28.juni 2025.

10 km landeveg: Constantin Moses Rust, 31.05, «10 for Grete, Oslo – 20.september 2025.

Halvmaraton: Espen Utgård Sæther, 1.09.16, Malaga, Spania – 23.mars 2025.

Maraton: Malin Berge 3.25.31, Ålesund Nyttårsmaraton – 28.desember 2025.

 

Prisjuryen for Idrettsgallaen 2025 var:

Alf Petter Bøe

Frode Mauren

Bjørn Arve Brune

 

Musikalske innslag:

Simon Brune – gitar og song

Gylsgutane – Sivert (toradar), Andreas (bassgitar)

 

Fotoseanse frå idrettsåret 2025:

Sett saman av SusanGjerde rulla over skjermen heile kvelden

 

Servering Idrettsgalla 2025:

Opna med pizza og brus

Etterfylgd av gode kaker, kaffi og meir brus.

 

Og her var mange gode utøvarar på plass. Frå den eldste som har hatt startnummer på brystet utanom eigen kommune (Ivar Arne Flo) til den siste som debuterte for Velledalen IL (Ingrid Svendsen). Kring halvparten av trimpost-vinnarane hadde møtt fram for å bli gjort stas på. Premiane i år – og truleg for siste gong – kom frå varelageret til Nærbutikken Velledalen. Og alle frammøtte born fekk sine årspremiar.

 

Største interessa knytte seg naturleg nok til kven som fekk dei to gjevaste prisane – «Årets Utøvar» for menn og kvinner. Juryen fall dette året ned på Constantin Moses Rust for herrar og Malin Berge for kvinner. I ein kommentar frå juryen heiter det:

  • Nokså opplagt på herresida. Jamnare og meir komplisert mellom kvinnene, der det i røynda var fire kandidatar.

Constantin Rust 2025:

Gjekk Vasaloppet på 4.27.37 (beste VIL-tid nokon gong), gjekk Birkebeinarrennet på 2.54.48 (beste VIL-tid), vann Ekotrail Oslo (31 km), nr 2 i Hornindal Rundt 38 km, nr 2 i Stranda Fjord Trail Race 48 km, vann Fantasymila i Bærum på 32,19, vann Tromsø Mountain Challenge, sprang halvmaraton i Drammen på 1.09.17 (sekundet bak Espen sin klubbrekord), klubbrekord på 10 km i Oslo på 31.05 og klubbrekord på 3000 meter baneløp på 8.42. I tillegg har han mange andre sterke plasseringar mellom løparar med høgt nivå i ulike løp, mellom anna Ivar Formo sitt minneløp.

 

Malin Berge 2025:

Kom inn som ny i Velledalen IL i 2025. Markerte seg fyrste gong under eigen maraton-debut i sommar i Jølster der ho noterte klubbrekord 3.36.33, ein rekord ho slo i sitt andre maraton i Ålesund 28.desember med 3.25.31 (gjeldande klubbrekord). Ho sprang halvmaraton i København på 1.30.42 (personleg rekord, ho sprang 5 km på 19.38 under 1.løpet i Ålesund Vinterkarusell, og ho imponerte med 2.plass totalt mellom alle kvinner under eit Backyard-Ultraløp (drygt 80 km) på Åndalsnes.

 

Andre gode kandidatar i kvinneklassa:

 

May Evy Nesheim 2025:

May Evy konkurrerer i klasse K 50-54. På den bakgrunn er 11.59 på 3 km og 20.47 på 5 km svært sterke tider. Ho har registrert få løp på 10 km, men noterte 44.52 under eit løp i Romsdal. Ho vart klassevinnar på 5 km i Jølster, ho vart klassevinnar på Bergen Fjellmaraton halv, klassevinnar under Sognefjord Trail Run (13 km) og nummer tre av alle kvinner. Vidare vart ho totalvinnar i kvinneklassa av Stavekollen Sky Run (Opp og ned) på Ikornnes).

 

Anette Heimli Jokstad 2025:

Ein lang skadeperiode gjorde at sesongen hennar ikkje vart heilt i tråd med planane, men likevel med fleire gode prestasjonar. Konradløpet rauk p.g.a skade, og der rauk løyperekorden hennar med eitt sekund. Og då ho under OCR-NM vart nummer fire, 13 sekund bak bronsemedalje i elite kvinner, kjende ho nok på «stang-ut»kjensla. Men ho kom tilbake kvalifiserte seg både til EM og VM og vann kvinner elite i største OCR-løpet her til lands, «Toughest Oslo». Under EM fekk ho 5 plass i lagkonkurransen for miksa lag der Nikolai også var med. Under VM fekk ho 13. og 19.plass under dei individuelle løpa, og ein finfin 5.plass under lagkonkurransen for kvinner. Ho sprang Hytteplanmila (10 km) på sterke 40.26 i klasse K 35-39, og har 42.06 på 10 000 meter baneløp innandørs frå tidleg i sesongen.

 

Oda Alette Kjellsbøl Hole 2025:

Oda Alette gjorde sin sterkaste prestasjon under Birkebeinerrennet der ho kom inn til 3.48.09 (VIL-rekord for kvinner). Det gav 19.plass i klasse K 25-29. Ho sprang Konradløpet på 17.51 og vart nest beste kvinne. Fornebuløpet (10km) gav sluttida 42.45, og ho vart nummer åtte i K 23-34 under Nøklevann Rundt. Ho var tøff og overtok søstera Mathilde sitt startnummer under BMW Oslo Maraton. Det gjekk svært bra lenge, men vart tungt mot slutten. Men  3.43.27 er ei finfin debutanttid. Ei veke etter maraton-debuten gjorde ho 43.56 i halvrestituert tilstand på 10 km under Sørestrandmila.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.