11.januar går 3.løp i Ålesund Vinterkarusell
Postet av Atle Jomar Hole den 8. Jan 2026
Vêrmeldinga for løpsdagen seier minus to grader, opphaldsvêr og lite vind.
Tredje løp i Ålesund Vinterkarusell vert arrangert sundag 11.januar med start klokka 13.00 frå Fremmerholen.
Distansane er som vanleg valfritt 5 eller 10 km – kontrollmålt av Kondis.
Utdeling av startnummer startar klokka 12.00 arrangementsdagen.
Det vert vidare premiar til dei beste, gåvepremiar og tilgang til saft, cola, kaffi og kake etter løpet.
Allereie komande sundag kan fleire VIL-løparar ha sikra seg den fine medaljen som vert delt ut til alle med tre løp eller fleire, etter siste løpet 8.mars.
Torsdag 8.januar klokka 19.00 hadde 14 utøvarar meldt seg på. Mellom desse vår eigen Eldar Sindre Valkvæ, som med fullføring av løpet vil ha medaljen sikra.
VIL-løparar med to løp:
Malin Berge
Fridtjof Fredriksen
Eldar Sindre Valkvæ
Svein Arne Nakken
Ludvig With
Bjørn Arve Brune
Frode Mauren
Alf Petter Bøe
Frank Andersen
Stig Marius Vestnes
VIL-løparar med eitt løp:
Jone Schmidt Breivik
Pernille Linga
Anita Holmberg
Andreas Nakken
Trond Bonesmo
Jan Ketil Vinnes
Marita Bjørkelid Andreassen
Viktig å vere klar over at debutantar i løp 3 – utøvarar som enno ikkje har vore i aksjon – kan greie premien for tre løp. Men må då ha full pott på siste tre løpa.
Velledalen IL har som mål å greie over 50 enkeltstartar i karusellen, og få minst 10 utøvarar som greier medaljen for tre løp.
Etter to løp har Velledalen IL 27 enkeltstartar og ti utøvarar med to av to løp. Vi har sju utøvarar med eitt løp så langt.
Alt tyder på at sesongmålet vert nådd med grei margin.
Alle VIL-løparar med støtteapparat er velkomne til sosialsamling/Afterrun på Egon Moa etter løpet sundag.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
VIL-STATISTIKK 10 KM 2025
08.01.2026
VIL-STATISTIKK: HALVMARATON 2025
07.01.2026
VIL-statsikk 2025: MARATON (42 195 meter)
07.01.2026
To VIL-jubilantar i starten av året
06.01.2026