Idrettsgalla: Tre gutar fekk ungdomspris

Postet av Atle Jomar Hole den 11. Jan 2026

 

Tre gutar i alderen 14-16 år fekk «Ungdomspris» for prestasjonar godt over snittet under Velledalen IL sin Idrettsgalla nyleg.

 

Alle frammøtte i kategorien born/ungdom vart premierte. Men tre gutar vart litt ekstra heider til del. Juryen grunngav dette slik:

 

JONE SCHMIDT BREIVIK:

Har i 2025 sprunge 5 km på 19.03 (Ålesund Vinterkarusell, februar 25) og 10 km på 40.37 (Hytteplanmila, oktober 25). Han vart beste tenåring i Saksaløpet og Saudehornet Opp (sistnemnde stad vann han pengepremie på 3000 kroner, så vidt vi veit det meste nokon VIL-utøvar på Sunnmøre har vunne i 2025). Vidare vart han nummer to i Melshornløpet (Volda), og han vart best av Velledalen IL sine seks utøvarar under Stranda Fjord Trail Race, 25 km. Sterk på løpsdisponering anten distansen er lang eller kort, flat eller bratt.

 

MIKKEL LERVÅG:

Etter ei lita pause gjorde han i 2025 eit sterkt comeback i orientering. Med sterke prestasjonar i ulike kretsløp og med nokre skikkelege rosiner i pølsa som: KM-vinnar i orientering langdistanse i Molde. 3.plass på langdistanse under Midtnorsk meisterskap (Tynset) og 4.plass i sprint i kamp mot sterke trøndarar. 18. og 25.plass i dei individuelle konkurransane under ungdoms-NM i Oslo, der dei beste løparane frå heile landet deltok. Ein kalkulert og utruleg moden o-løpar ut frå sin unge alder.

 

SIGURD LINGA:

Den yngste i trioen, nyleg 14 år. Sende ut eit skremeskot under Konradløpet 1.mai med 17.31 – raskaste tid av ein 13-åring noko gong. Fekk oppsiktsvekkande gode resultat som heilt fersk og læreviljug O-løpar. Imponerte alle med 3.plass totalt under Stavekollen Sky Run (var nummer to opp). Like etter slo han til med 3.plass totalt under «Roalden Opp» på Stranda, der han slo samtlege utøvarar frå kommunane Stranda og Sykkylven. Eit flott talent som kan nå langt i fleire idrettar.

 

Velledalen IL gratulerer med fortent heider!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.