VIL-STATISTIKK BANELØP SESONGEN 2025

Postet av Atle Jomar Hole den 12. Jan 2026

 

Diverre er banestatistikken for 2025 «tynn» - prega av altfor få løp.

 Vi har nemnt det før; sjølv om vi har gode Ikornnes Idrettspark – og for den del Aksla stadion – i kjerneområdet, har ikkje løparane på Sunnmøre levert eit einaste resultat til banestatistikken for 2025. Så forbetrings-potensialet for sesongen 2026 er innlysande.

     Oslo-avdelinga har hatt full kontroll innan baneløp. Heller ikkje her med mange løp, men med sterke tider.

La målet for 2026-sesongen vere at vi skal femdoble talet på noteringar innan baneløp!

 

TALA FOR 2025-SESONGEN:

3000 METER BANELØP MENN:

8.42: Constantin Moses Rust – Bislett, juni 25

9.03.8: Njål Torillson Tyssing – Bislett, sept. 25

9.32: Anders Westrheim – Bislett, juni 25

16.14: Magnus Njålson Tyssing – Bislett, okt 25

 

INGEN KVINNETIDER ER NOTERT PÅ 3000 METER BANELØP.

 

5000 METER BANELØP MENN, 2025:

15.55.0: Njål Torillson Tyssing – Sankthanshaugen 5000, august 25

16.30.0: Anders Westrheim – Bislett, juni 25

 

INGEN KVINNETIDER ER NOTERT PÅ 5000 METER BANELØP

 

10 000 METER BANELØP MENN, 2025:

32.19: Constantin Moses Rust – Bærum, august 25

33.08: Njål Torillson Tyssing – Kvalheimmila, oktober 25

34.05: Nikolai Handle Jensen – Bislettkjellaren, februar 25

 

10 000 METER BANELØP KVINNER, 2025

42.06: Anette Heimli Jokstad, Bislettkjellaren, februar 25

 

På 3000 meter har vi seks noteringar av fem ulike løparar.

På 5000 meter har vi fem noteringar av tre ulike løparar.

På 10 000 meter har vi  fire noteringar av fire ulike løparar.

 

Som vi skjønar nokså skrinn deltaking, men skyhøgt nivå. Honnør til Magnus Njålson Tyssing, som Alf Petter må hugse med ein premie under Påskekonrad 26!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.