Pussa på forma – ny vinterkarusell 8.februar
Postet av Atle Jomar Hole den 31. Jan 2026
Fire menn pluss friidrettsleiar Alf Petter Bøe møtte
8.februar vert det fjerde løpet i Ålesund vinterkarusell arrangert i Fremmerholen. I går, 30.januar klokka 22.00 hadde 15 utøvarar meldt seg på. Ingen av desse frå Velledalen IL, men dei kjem. Alt tyder på at det vert kjempeforhold, i alle fall seier meldingane i skrivande stund; ikkje nedbør og ingen vind. Og truleg heller ikkje glatt. Kva meir kan ein vente tidleg i februar…?
I dag, 31.januar, hadde Velledalen IL fellestrening i Straumgjerde. Berre fire frammøtte, pluss Alf Petter som «oppsynsmann». Karane gjennomførte 8 x 3 minutt med 60 sekund pause, under det som må kallast strøkne forhold, med omsyn til årstida. Dei fleste vil kjenne karane på fotoet, men vi tek med namna likevel:
Alf Petter Bøe
Stian Hole
Frode Mauren
Trond Bonesmo
Vegard Tandstad
Sistnemnde viste så lovande takter at han nok er moden for eit forsiktig comeback ganske så snart. Det vert kjekt!
PS. Minst 2-3 av desse karane vert på plass under fjerde løpet i Ålesund vinterkarusell sundag 8.februar, der distansane som vanleg er 5- eller 10 km – valfritt.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sentrumsløpet: Anders Westrheim på 17.plass
25.04.2026
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026