Orientering: Løp/treningsløp perioden 21.april – 10.mai

Postet av Atle Jomar Hole den 15. Apr 2026

 

Mellom anna to KM-løp i denne perioden, eitt i Molde og eitt med Emblem IL som arrangør.

 

Her ei liste over eit utval løp i «nærområdet» i perioden 21.april til 10.mai:

21/4: Råtass og treningsløp, Sunnmøre museum – arr: Emblem IL

25/4: Kretsmeisterskap sprint – arr: Molde & Omegn IL

26/4: Mellomdistanse, - arr: Kårvåg IL

26/4: «Rotekoppen» - arr: Breimsbygda IL

28/4: Råtass og sprintløp, Veddesvingen, - arr: Emblem IL

5/5: Råtass og treningsløp, Emblemssanden – arr: Emblem IL

5/5: Mellomdistanse, Kringstadsætra – arr: Molde & Omegn IL

7/5: Nær – O-løp – arr: IL Veten

10/5: Kretsmeisterskap mellomdistanse – arr: Emblem IL

 

I tillegg til dette har vi fleire midtveke- løp stadar som Førde og Sogndal, men reisevegen vert truleg i lengste laget.

 

Elles ser ein av lista at det kan vere greitt med ein tidleg formtopp, sidan det vert arrangert Sprint-KM 25.april og Mellomdistanse-KM 10.mai

Nettsida ynskjer løparar og støtteapparat lukke til med sesongen!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.