86-åring 27.50 i Konradløpet i dag

Postet av Atle Jomar Hole den 1. Mai 2026

  • God fysisk form lettar alderdomen seier Jarle Konrad Fausa

 

Den tidlegare storbil-mekanikaren fyller 86 år 10.mai.

 

Jarle Konrad Fausa debuterte i Konradløpet som 68-åring i 2008. Arrangørane på Brunstad klokka han inn til tida 28.51. Når han fyrst fekk smaken på Konrad-løpet vart han hekta, og har delteke på absolutt alle Konradløp løp sidan. Etter debuten pressa han tidene sakte men sikkert ned til ei bestetid på 22.44 i 2016, altså som 76-åring!!, så gjekk det naturleg nok litt seinare ettersom åra seig på. Som  79-åring gjorde han 24.13 i Konradløypa. Dei tre siste åra har tidene vore slik:

27.26: Som 84-åring i 2024

27.56: Som 85-åring i 2025

27.50: Som 86-åring i 2026

 

Han er altså i ferd med å presse tidene nedover att.

 

Under løpet i 2026 var Jarle Konrad Fausa einaste deltakar med Konrad som føre- eller mellomnamn. Og vurdert etter alder ein av dei som imponerte aller mest

Velledalen IL gratulerer Jarle Konrad Fausa med ei imponerande gjennomføring og med 86 års fødselsdag den 10.mai!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.