Konradløpet 26: Sus over kvinnene under årets løp

Postet av Atle Jomar Hole den 1. Mai 2026

 

Løyperekord, come back med sus og tidlegare eliteutøvar på mellomdistanse er stikkorda.

 

Ja, det var verkeleg sus over kvinneklassa under årets Konradløp. Janne Elin Vatnaland, Spirit FIK, har vore ein «hit» i løpsmiljøet på Sunnmøre siste åra. At ho i dag ville ta løyperekorden for kvinner låg i korta heilt frå påmeldinga hennar var eit faktum. Normalt sett. Men sidan dette er eit ekstremt morgonløp, veit ein aldri heilt korleis kroppen fungerer. Før ein har prøvt i alle fall. Men Janne Elin gjorde jobben, og den nye kvinnerekorden i Konradløpet lyder heretter altså på 16.19, ny rekord med fine 25 sekund.

 

Anna Elise Ullavik Sylte vann Konradløpet i 2015 som pur-ung jente på tida 17.54. Som den gong var løyperekord. I dag var ho tilbake, etter mange års fråver. Det vart flott 2.plass på 17.38. Nest beste tid nokon gong av ei sykkylvs-kvinne. Berre Pernille Ibsen Lervåg sine 17.34 frå 2018 ragar over. Svært kjekt å ha Anna Elise tilbake!

 

Så var det Trine Pilskog då. For dei som kjenner «landskapet» var det ingen sensasjon at ho dukka opp. Men ein må vere klar over meritt-lista dagens tredjeplasserte utøvar under Konradløpet kan daske i bordet: NM-vinnar på 1500 meter i 1997, og i tillegg er ho grossist på sølv- og bronse-medaljar frå NM. Ho representerer Hareid IL, og Hareid er heimkommunen, men ho har også representert veldrivne klubbar som Oppdal IL og IK Tjalve. Trine opererer i dag i klasse K 50-54, men vi finn det rett å minne om at ho i glansdagane leverte 2.03 på 800 meter, 4.05 på 1500 meter, 9.06 på 3000 meter og 16.21 på 5000 meter. Altså kvalitet over heile lina! Svært kjekt at du av og til stikk innom Sykkylven, Trine!

 

Så fekk vi sjå att Hilde Riksheim Tandstad med startnummer på brystet. Også det stort sidan Hilde tidlegare, som tenåring, vann heile fire Konradløp. Den gongen hadde ho 18.46 som bestetid, til og med to gonger. Etter ein fødsel og etter det ho sjølv uttalar; «ikkje så fælt mykje trening» var ho tilbake med fjerde plass og ny personleg rekord på 18.07. Men ho er trass alt dotter av sine foreldre: mora KM grossist i langrenn på Sunnmøre og 1.28 på halvmaraton, faren klubbkjempe på KFUM Volda og landslagsspelar i volleyball. Ein kan ikkje springe frå genane sine, Hilde.

 

I denne hyllesten av kvinnene nemner vi til slutt Sandra Kammen frå nabokommunen vår, Stranda. Sandra noterte tida 18.17 og vart nummer fem. Aldri tidlegare i Konradløpet si 23 årige historie har nokon med så sterk tid hamna på femteplass. Nok eit prov på at dei lokale kvinnene er i framgang. Og best av alt, langt over 100 kvinner deltok i løpet, noko vi skal kome tilbake til i ei eiga sak. Velledalen har to kvinnedagar – 8.mars og 1.mai. Dette var flott levert, kvinner!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.