Hornindal Rundt 38 km: Ein veteran og ein debutant
Postet av Atle Jomar Hole den 4. jul 2026
Constantin Rust og Oskar Johan Bakken leverte begge solid i tungt løp.
Tysk-norske Constantin Rust vart nummer to i dette løpet i 2025. Fjorårspremien hans frå låg i Honndalshallen og venta på han. Så truleg reiste han i dag heim med to premiar, då 3.plassen totalt i dag også fortente premie. Velledalen IL sin andre deltakar i løpet var Oskar Johan Bakken. Ganske så fersk i dette faget. Sett på den bakgrunn leverte han eit imponerande veldisponert løp. Nummer 18 totalt og nummer sju i den sterke klassa M 23-34. Truleg gav Hornindal Rundt meirsmak for Oskar.
Resultat Hornindal Rundt 38 km, laurdag 4.juli:
1.Trym Dalset Lødøen, Haugen IL, 4.17.34 (M 23-34)
2. Henrik H. Holstad, NTNUI/Hareid IL, 4.33.05 (M 23-34)
3. Constantin Rust, Velledalen IL/Tyskland, 4.38.33 (M 23-34)
4. Andreas Skylstad, Norangdal IL, 5.02.16 (M 35-39)
5. Colin Thornton, Isfjorden IL/Storbritania, 5.14.08 (M 45-49)
6. Konrad Leszczynski, Deknepollen/Polen, 5.25.00 (M 40-44)
7. Rasmus Haugen, Hornindal IL, 5.27.34 (M 23-34)
8. Rasmus Persson, Duved/Sverige, 5.29.99 (M 35-39)
9. Toni Seppälä, Tawastie/Finland, 5.33.52 (M 45-49)
10. Rune Aase Kalhagen, Eid Motbakkelag, 5.34.35 (M 45-49)
14. Tina Løkke Vie, Gloppen FIL, 6.08.15 (K 40-44) – beste kvinne
18. Oskar Johan Bakken, Velledalen IL, 6.29.34 (M 23-34)
Begge våre deltok i klasse M 23-34 år:
Constantin Rust nummer 3
Oskar Bakken på ein finfin 7.plass
STRAVA-KOMMENTARAR, HORNINDAL RUNDT 38 KM:
CONSTANTIN MOSES RUST:
- Dau. Knust av Trym. Gøy duell med Henrik som dessverre fullstendig parkerte meg siste 400 høgdemeterane. 17 min treigare enn i fjor. Ein blir ikkje betre med åra lenger.
OSKAR JOHAN BAKKEN:
- Tungt, men kjekt. Skikkeleg sleipt og gjørmete. Føltes dårleg i kroppen fram til stigninga mot Gulkoppen. Løsna litt derifrå. Kjekt å sjå et ein tek igjen folk både opp og ned, sjølv med krampe etter Gulkoppen.

Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
FJORD-O: Løpsdag tre med 909 påmelde
04.07.2026