Sykkylvsbladet 14.mars1946: Bygdarennet
Postet av Atle Jomar Hole den 15. Okt 2025
Arkivfoto frå 2022
Magnar Fet bestemann i hopp, Karl E. Tandstad vann langrennet.
Vi nærmar oss ny skisesong. Sist vinter vart ikkje eit einaste av dei lokale cuprenna i langrenn arrangert. Kva komande vinter vil bringe er det ingen som veit, men verre enn sist vinter kan det ikkje bli. Medan vi venter på snøen, kan vi kose oss med tekst og resultat av det fyrste bygdarennet etter 2.verdskrigen:
På prent i Sykkylvsbladet torsdag 14.mars 1946, med denne ordlyden:
- Magnar Fet, Velledalen bestemann i hopp, og Karl E. Tandstad, Straumgjerde, vann langrennet. Ynskjevêr og godt føre.
- Der var møtt fram mykje folk frå heile bygda. Ein merka seg særleg det talrike innslaget frå Hundeidvik. Dei måtte fyrst ha båt til Aure og bil derifrå. Heilt til klokka 12 var det ein jamn straum av folk som skulle til «Fjellseter»
HOPPRENNET:
Bakken låg straks attmed Fetstølen. Han var i god stand, men i kortaste laget. Utfallet vart:
KLASSE A:
- Alf Brunstad, Velledalen, 142,0 poeng
- Osvald Vigstad, 140,5
- I. Hjellegjerde, Sykkylven, 139,6
- Endre Grytnes, do 138,3
- Nils Bjørø, do 138,0
- Jens K. Tandstad, Strgj. 136,1
KLASSE B:
- Magnar Fet, Velledalen, 145,8
- Olav Fet, do 135,4
- Arne Eliassen, Sykkylven 133,0
- Sigurd Fet, Velledalen, 131,1
KLASSE C:
- Petter Haugseth, Sykkylven, 141,8
- Sigvart Værnes, do 127,3
- Hjalmar Slinning, do 127,1
Beste tremannslag i hopp: Sykkylven IL 417,3 poeng ved Petter Haugseth, Ingvald Hjellegjerde og Endre Grytnes.
Litt om hoppa:
Bjarne Haugseth: Svakt fyrste, godt andre på 25 meter
Magnar Fet: Gode hopp på 23 og 24 meter
Peder Eidem: 20 meter i fyrste, godt andrehopp på 22 meter
Kjell W Grebstad: Bra fyrste på 22 m, og eit godt på 24m, men med fall
Olav Fet: To gode på 22 og 22,5 meter
Osvald Vigstad: Bra fyrste på 22m og godt andre på 22,5 m
Jens Tandstad: Bra hopp på 21,5 og 23 meter
Alf Brunstad: To gode på 23 og 23,5 meter
Ingvald Hjellgjerde: 20,5 i fyrste og godt hopp på 24 m i andre
Nils Bjørø: Hoppa ekstra godt 22 meter, men var uheldig med satsen i det siste på 22 m.
Endre Grytnes: Uroleg på 21,5 meter, men godt andrehopp på 24
Arne Eliassen: To gode hopp på 20 meter
Petter Haugseth: 13-åringen hadde gode hopp på 21,5 og 25 meter, men litt krokete bein i nedslaget. Vart vel litt fråtrekk. Elles kan det vel diskuterast om det er heldig å ha to hoppdommarar ståande i lag.
Mellom hopprennet og langrennet fekk ein kjøpe varme pølser på «Fjellseter». Det skulle ikkje vere turvande å nemna at det var god avsetnad
LANGRENNET:
Løypa var lagd frå «Fjellseter» inn mot Auskaret, over ein holme i Nysetervatnet og vidare utover mot Dravlaus-stølen. Så løypa fekk form som eit 8-tal med ein lang sving opp til La-stølen, over dalen til Dravlaus-stølen og attende til «Fjellseter». 40 mann var med, og utfallet vart:
- Karl E. Tandstad, Straumgjerde, 1.05.45
- Jens K. Tandstad, Straumgjerde, 1.08.11
- Karstein Brunstad, Velledalen, 1.09.53
- Paul Hole, Velledalen, 1.09.55
- Kaspar Nakkeberg, do, 1.10.46
- Ottar Hole, do, 1.11.04
- Arnfinn Sollid, Sykky 1.11.07
- Erling Lade, Velledalen 1.11.51
- Ingv Hjellegjerde, Sykky 1.11.57
- Kjell Slinning, do, 1.12.44
BESTE TREMANNSLAG LANGRENN:
- Velledalen 3.30.34 (Karstein Brunstad, Paul Hole og Kaspar Nakkeberg)
- Straumgjerde 3.32.31
KOMBINERT:
- Jens Tandstad, Straumgjerde, 281,1 poeng
- Ingvald Hjellegjerde, Sykkylven, 277,6
- Peder Eidem, Sykkylven, 267,6
Kvelden klokka 8 var det fest med premieutdeling på «Vårvon» Straumgjerde
Øystein Eliassen
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Vinstar til basarbøker – Førjulsmesse
16.10.2025

VIL-idrett komande helg
16.10.2025

Brunstad-ekspressen: 2.52.50 best i landet
14.10.2025

Tida går: Ole Jostein Fet har passert 70
13.10.2025
Helgas prestasjon: Heilmaraton på 2.52.50!
12.10.2025