Vinstar til basarbøker – Førjulsmesse
Postet av Atle Jomar Hole den 16. Okt 2025
Kan nokon hjelpe oss med vinstar til basarbøkene våre….?
Førjulsmessa til Velledalen IL har fire inntektskjelder. Det er:
- Standleige
- Sal av mat og drikke
- Tombola
- Basarbøker
Om kort tid vert basarbøkene gjort klare, og det vert opna for sal.
Trekking av dei ulike vinstane skjer ikkje under messa, men nærare jul.
Men om nokon har, er vi glade for å få vinstar av ulikt slag til desse basarbøkene.
Ta i så fall kontakt med leiar Ove Skylstad, styremedlem Iwona Uchal eller sekretær Sondre Bårnes.
Fotoet som ligg ved denne saka viser ein av vinstane loddkjøparane kan vinne.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

VIL-idrett komande helg
16.10.2025

Sykkylvsbladet 14.mars1946: Bygdarennet
15.10.2025

Brunstad-ekspressen: 2.52.50 best i landet
14.10.2025

Tida går: Ole Jostein Fet har passert 70
13.10.2025
Helgas prestasjon: Heilmaraton på 2.52.50!
12.10.2025