Spenstig av Anders og Njål på Bislett
Postet av Atle Jomar Hole den 24. Okt 2025
Njål klassevinnar med 33.09 på mila, Anders nummer sju i klassa med 16.46 på 5000.
Slik gjekk det med våre under Kvalheimmila på Bislett i kveld:
10 000 meter baneløp:
Njål Torillson Tyssing kryssa mållina som nummer tre totalt, på tida 33.09. Det heldt til klar klassesiger i M 40-44.
5000 meter baneløp:
Anders Westrheim kom inn til 10 beste tid med 16.46. Han vart med det nummer sju i klasse M 23-34.
Så tek vi med at Svein Nakken-kompis, Knut Lium frå Nordre Land (to gonger Konradløp-vinnar), kom inn til finfin 2.plass i klasse M 55-59 på 10 000 meter med tida 38.30.
Vi kjem tilbake med meir fullstendig resultatliste og Strava-kommentarar i morgon, men altså:
Glimrande levert av våre to menn på Bislett i kveld
PS. Njål slo Henrik Velle med to sekund etter ein drabeleg duell i kveld. Den Henrik Velle som sprang på Bislett i kveld har neppe noko å gjere med «vår» Henrik Velle, som budde på «Heggjebakkane». Men artig med namn!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Litt om å vinne over seg sjølv!
03.02.2026
Kaldt ute: VIL har gode vinterjakker
03.02.2026
Ålesund maraton vert arrangert 6.juni
01.02.2026
Takk for 3215 grasrot-kroner i januar 26
01.02.2026
Pussa på forma – ny vinterkarusell 8.februar
31.01.2026