Malin sette klubbrekord på heilmaraton
Postet av Atle Jomar Hole den 28. Des 2025
Ny personleg rekord og klubbrekord med god margin for Malin Berge.
Malin Berge debuterte på distansen heilmaraton sist sommar i Jølster. Der vart ho godt passa på med omsyn til fart, slik at ho hadde krefter att då ho kryssa mållina på 3.36.33.
Planen under Ålesund Nyttårsmaraton var at Malin skulle springe saman med Sverre Kjerpeset. Men han braut ei tå og kunne ikkje stille. Dermed måtte Malin gjere jobben åleine, eller finne ein ny «hjelpar». Og då ho nærma seg mål på Moa, kom ho kloss i ryggen på Knut Erik Johannesen, MHI-friidrett. Med tida 3.25.31 vart det ny bestetid med elleve minutt og to sekund. Hjelparen kom inn til åttande plass totalt, sekundet bak.
I sitt andre maraton i karrieren vart Malin Berge altså nummer sju totalt, og ho vart nest beste kvinne. Alt i alt fullførte 28 utøvarar den lengste distansen, med Eivind Hagen, IL Ravn, som den beste ( 2.55.35). Nest best var Karl Idar Vik, Syvde IL, med 2.59.23. Beste kvinne vart Ann Ulstein Guldal, Ålesund, på tida 3.19.23.
Velledalen IL gratulerer Malin Berge med ny klubbrekord – og ikkje minst gjennomføringa. Den var imponerande!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Litt om å vinne over seg sjølv!
03.02.2026
Kaldt ute: VIL har gode vinterjakker
03.02.2026
Ålesund maraton vert arrangert 6.juni
01.02.2026
Takk for 3215 grasrot-kroner i januar 26
01.02.2026
Pussa på forma – ny vinterkarusell 8.februar
31.01.2026