Frank Andersen dagens VIL-herre i Ålesund

Postet av Atle Jomar Hole den 28. Des 2025

 

Eit overraskande jafs; ny bestetid med to minutt og 40 sekund

 

Frank Andersen starta på bar bakke, og han starta i det små. Med korte distansar, med overvekt av løp på 5 km. Så utvida han, og gjennomførte nokre løp over den doble distansen. Og han noterte stadig betre tider. Oppmuntra av dette utvida han stadig. Slengde seg med på fjell-løp og halvmaraton. Personleg bestetid på sist nemnde type løp sette han på Hareid i august 2025, med tida 1.40.58.

      38-åringen hadde fire halvmaraton i beltet før han melde seg på Nyttårsmaraton i Ålesund. Her feia han gjennom løypa på 1.38.18, to minutt og førti sekund raskare enn på Hareid. Han kunne rimelegvis ikkje måle seg med Malin Berge, men pers på 2.40 på halvmaraton held til å titulere seg som «Dagens VIL-herreløpar» i Ålesund.

 

Av 111 fullførande menn vart Frank nummer 50. Altså på fyrste halvdel av resultatlista. Og det er der vi trur vi vil kome til å finne han stadig oftare i framtida.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.