Ålesund Nyttårsmaraton: Norges-debut med siger
Postet av Atle Jomar Hole den 29. Des 2025

Ellen Marie Hole er ikkje mellom dei som oftast knyter på seg konkurranseskoa.
Før Velledalen IL sin Idrettsgalla for 2025 er det knallhard kamp om prisen for flest VIL-deltakingar 2025. For å kome i betraktning her, må ein over 20 startar i løpet av året. Heilt i andre enden av skalaen ligg Ellen Marie Hole, med opphav frå Olagarden på Hole, no busett i Hovseterdalen, Oslo.
I september 2025 sprang Ellen halvmaraton i København på fine 1.34.35. Kalendaren viste 28.desember før ho gjorde løp nummer to og debuten i heimlandet. Dagen før løpet melde ho seg på 5 km i Ålesund Nyttårsmaraton. Med tida 20.41 vart ho beste kvinne i løpet med god margin. Dermed fine plasseringar i VIL-statistikken for 2025, både på halvmaraton og 5 km, men altså berre med to løp i «banken» denne sesongen.
Elles stor honnør til Anita Holmberg og Ingrid Svensen, som sikra Velledalen IL dobbeltsiger i klasse K 60-64 på 5 km. Ofte har vi klaga på svak kvinnedeltaking i Velledalen IL. Under Ålesund Nyttårsmaraton var 5 av 16 VIL-deltakarar kvinner (Malin Berge og Marita B. Andreassen i tillegg til dei tre nemnde i denne saka). Men merk dykk plasseringane til kvinnene våre: Dei reiste heim med tre klassesigrar og to 2.plassar. Vi har heilt klart plass til fleire jenter/kvinner i 2026.
Foto til saka: Susan Gjerde
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Litt om å vinne over seg sjølv!
03.02.2026
Kaldt ute: VIL har gode vinterjakker
03.02.2026
Ålesund maraton vert arrangert 6.juni
01.02.2026
Takk for 3215 grasrot-kroner i januar 26
01.02.2026
Pussa på forma – ny vinterkarusell 8.februar
31.01.2026