God VIL-deltaking i tredje løpet i vinterkarusellen.

Postet av Atle Jomar Hole den 11. Jan 2026

 

59 utøvarar hadde meldt seg på til 3.løpet, tolv av dei påmelde frå Velledalen IL.

 

Det heiter vinterkarusell og det tredje løpet vart vinterkarusell

  • Kortbukse og piggsko, skreiv Frank Andersen på Strava.

Tøft gjort når gradstokken viser minusgrader, men piggsko var det beste ein kunne ha på føtene under dei rådane forholda, har nettsida fått meldt frå Fremmerholen.

 Fleirtalet av VIL-løparane tok løp 3 i vinterkarusellen som sosial samling og trening. Såleis gapte alle – bortsett frå Jan Ketil Vinnes – ikkje over meir enn 5 km denne gongen.

 På 10 km gjekk det slik denne gongen:

  1. Janne Elin Vatnaland, Spirit, 38.09
  2. Jan Ketil Vinnes, Velledalen IL, 39.55
  3. Gunnar Karl Emblem, Ålesund, 40.12

Jan Ketil vart altså beste herre i løpet der 15 utøvarar fullførte. Ingen skam å tape for Janne Elin som er vesentleg yngre enn Jan Ketil, og ein særs dyktig løpar. Rutinerte Gunnar Karl Emblem med ei fortid i Hakallestranda Kondisjonslag, tok ein sterk 3.plass.

Lista vi presenterer for løpet over 5 km er den som låg ute i kveld klokka 18.30. Den er diverre ikkje rett då vår ypperlege løpar, Fridtjof Fredriksen, ikkje har kome på resultatlista. Vi veit at Fridtjof vart klassevinnar i M 60-64.

RESULTAT 5 KM, 11.JANUAR KLOKKA 18.30:

1. Kristian Nedregård, Ålesund, 18.22

2. Joachim Bolli, Eide IL, 19.01

3. Frithjof  S. Austigard, Norddal IL, 19.51

4. Frode Mauren , Velledalen IL, 20.28

5. Ingrid B. Frantzen, Molde. 20.39 – beste kvinne

7. Jone S. Breivik, Velledalen IL, 20.46 – og Jaktevika Tinderangling

9. Sverre Kjerpeset, Velledalen IL, 21.04 – VIL-debutant

12. Eldar Sindre Valkvæ, Velledalen IL, 22.18

14. Frank Andersen, Velledalen IL, 23.07

19. Svein Arne Nakken, Velledalen IL, 25.13

21. Bjørn Arve Brune, Velledalen IL, 25.44 – og Byrg Kompetanse

22. Alf Petter Bøe, Velledalen IL, 25.45

26. Ane V. Abelseth, Hundeidvik, 28.12

28. Pernille Linga, Velledalen IL, 28.59

DNS: Malin Berge, Velledalen IL

39 fullførande utøvarar – ein eller annan stad på denne lista skulle Fridtjof Fredriksen ha vore.

 

VIL-løparane sine klassevise plasseringar:

Frode Mauren – nr 2 i M 50-54

Jone Schmidt Breivik – nr 1 i M 16-17

Sverre Kjerpeset – nr 2 i M 40-44

Eldar Sindre Valkvæ – nr 1 i M 65-69

Frank Andersen – nr 1 i M 35-39

Alf Petter Bøe – nr 1 i M 55-59

Fridtjof Fredriksen – nr 1 i M 60-64

Svein Arne Nakken – nr 3 i M 60-64

Bjørn Arve Brune – nr 4 i M 60-64

Jan Ketil Vinnes – nr 1 i M 55-59 på 10 km

Pernille Linga – nr 2 i K 18-19

Fine plasseringar over heile lina. Tidene er ikkje så mykje å sjå på, sidan forholda var som dei var. Men VINTERKARUSELL i ordets rette forstand var det.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.