Sørestrandmila ligg ute på eq-timing

Postet av Atle Jomar Hole den 25. Jan 2026

 

Datoane vert 30.mai og 26.september.

 

Datoane for Sørestrandmila – vår og haust – ligg no ute på terminliste-oversikta til EQ-timing. Vår-løpet vert arrangert 30.mai, haust-løpet 26.september. Begge deler laurdagsløp, der distansane vert 3, 5 og 10 km. Velledalen IL håper at kvart av løpa vil samle over 100 deltakarar.

 

Så tek vi med ei oversikt over påmelde VIL-løparar til Fyr til Fyr i Fosnavåg laurdag 20.juni:

Frank Andersen

Per Inge Bjørnestad

Trond Bonesmo

Sverre Kjerpeset

Ole Martin Korsnes

Marita B. Andreassen

Jone Schmidt Breivik

Dei to sistnemnde spring nest lengste alternativet.

Med kring 400 påmelde fem mnd før løpsstart, er det grunn til å tru at dette vert ei skikkeleg stormønstring.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.