VIL-leiaren fyller 66 år 30.januar

Postet av Atle Jomar Hole den 30. Jan 2026

 foto frå Nyss

I dag gratulerer vi Hau-tvillingane, Ove Inge og Kai Roger Skylstad, med 66 års dagen.

 

Ove  er til og med leiar i Velledalen IL. Eit verv han har hatt kring ti år – ei skute han har halde på stø, god kurs heile tida.

 

Då er det verre med andre båtar der han er involvert:

Natt til 29.januar var det brann ved Hardanger Fartøyvernsenter i Kvam kommune. To eldre båtar (begge kulturminne) vart flammane sitt rov og totalskadde denne natta. Mellom dei båten «Tafjord», som er eigd av aksjeselskapet MB Tafjord AS, der Per Roar Alstadsæter og VIL-leiar Ove Inge Skylstad er dei to største aksjonærane. Brannen starta i ein anna båt, men spreidde seg over til «Tafjord». No vert det meldt at alt over dekk er totalskadd.

 

Ironisk nok overlevde båten Tafjord-ulukka i 1934, men altså ikkje opphaldet på eit Fartøyvernsenter i Norheimsund, der båten var for å bli sett i god stand til 100 års jubileet i 2027 – slik kan det gå!

 

Men uansett kor gale det er, er det på plass med ei helsing til VIL-leiaren på 66 års dagen. Og vi er sikker på at mange i VIL-leiren sender gode tankar til Ove som også har plagast med eit «trøtthetsbrot» i ein fot siste tida. «Ei ulukke kjem sjeldan åleine», minnest eg eldre folk brukte seie i tidlegare tider. Og det er vel nettopp dette «fenomenet» som no har råka VIL-leiaren.

 

Vi sender også ei helsing til «veslebror» Kai – eller rettare tvillingbror Kai -som også kan gjere som han vil frå i dag av.

Kai har tidlegare hatt verv i Velledalen IL sitt hovudstyre, mellom anna som kasserar

Og begge var aktive i langrenn, friidrett og stafettar i sine yngre dagar

 

Varme tankar frå VIL-miljøet til begge Hau-tvillingane!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.