Litt om å vinne over seg sjølv!
Postet av Atle Jomar Hole den 3. Feb 2026
Foto: Stig Bruksås
- Har eigentleg aldri likt skirenn, skriv Sverre Kjerpeseth, som nyleg kasta seg med i Isfjorden Rundt.
Fyrste gong eg vart klar over mannen Sverre Kjerpeseth var på Vartdal. I 2025, under Vartdalsstranda halvmaraton. Løpet som talde som KM for Møre og Romsdal. Ein høgreist, jovial kar det var lett å prate med. Sprang godt gjorde han også. Utan typisk løpar-kropp, vart han nummer to i klasse M 35-39, berre slegen av Einar Orten Trovåg frå Hareid IL.
11.desember melde Velledalen IL si nettside at løpsmiljøet vårt hadde fått julegåve. Ingen liten «pakke» heller, sidan det dreia seg om Sverre Kjerpeseth – ein stor mann. Planen var at han skulle debutere under Nyttårsmaraton i Ålesund (på distansen heilmaraton), men eit tå-brot gjorde at debuten måtte setjast på vent.
Debuten let likevel ikkje vente lenge på seg. Under det tredje løpet i Ålesund vinterkarusell i januar 26, leverte Sverre ein feiande frisk 5 km under vanskelege forhold. Og som ikkje det var nok; 31.januar gjekk han Isfjorden Rundt – på ski. Om den «tildragelsen» skriv Sverre til nettsida vår:
- Sender litt info om mitt fyrste skirenn etter eg fekk skuldra ut av ledd. Har eigentleg aldri likt skirenn. Men det var utruleg kult og endeleg kunne utfordre seg sjølv. Blei sjølvsagt sist. Men det var likevel ein siger for meg. Brukte kring ein time og 40 minutt på ca 22 km.
Vidare skriv han:
- Super-fornøgd med å tørre utfordre meg sjølv på ski igjen etter skulderskade for eitt og eit halvt år sidan.
I idretten er det viktig å lære tape og vinne. Under Isfjorden Rundt gjorde Sverre begge deler, på same dag. Han kom sist på resultatlista, men langt viktigare; han vann over seg sjølv!
Slike gutar likar Velledalen IL utruleg godt!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Kaldt ute: VIL har gode vinterjakker
03.02.2026
Ålesund maraton vert arrangert 6.juni
01.02.2026
Takk for 3215 grasrot-kroner i januar 26
01.02.2026
Pussa på forma – ny vinterkarusell 8.februar
31.01.2026