Anette og Anders sterke innandørs på Bislett

Postet av Atle Jomar Hole den 7. Feb 2026

 

Gjorde 5 km unna på 16.26 (Anders) og 19.35 (Anette). Begge inne topp-10 med god margin

 

Denne helga har Bislett Indoor Marathon blitt arrangert i Oslo med ei rekkje ulike distansar. Anette Heimli Jokstad og Anders Westrheim frå Velledalen IL var med å kasta glans over arrangementet. Begge på distansen 5 km.

 

Her er resultata:

5km kvinner:

  1. Emilie Mo, Sk Vidar, 16.27
  2. Mari Ranheim, Noteam, 18.26
  3. Hannah Bergh, Konnerud IL, 18.51
  4. Sarah Samuelsen, Rjukan IL, 19.15
  5. Anette Jokstad, Velledalen IL, 19.35
  6. Synnøve Alfsen, Sankthanshaugen, 19.54

 

Anette sin Strava-kommentar: 5 km Bislett Indoor Marathon, tid 19.35

  • Utålmodig i starten, dupp utover, alltid spurt på slutten. Vanskelig å finne perfekt rygg når man løper litt jojo. 4 sekund fra pers så må si godkjent februar-tid

 

Ja, dette er absolutt godkjent Anette. Kan nemnast at tida i tillegg til å vere fire sekund bak pers, var tre sekund føre bestetida på distansen for kvinner i 2025 – og vi skriv så vidt februar månad!

 

5 km herrar:

  1. David Meier, SK Vidar, 14.51
  2. Stian Eilertsen, IK Hind, 15.09
  3. Gaute Olberg, SK Vidar, 15.13
  4. Erik Bengtsson, Bettong boys, 15.53

8.Anders Westrheim, Velledalen IL, 16.26

 

Strava-kommentar Anders Westrheim:

  • Yes. Bislett indoor marathon 5 km. Ny pers 16.26. Happy.

 

Det kan Anders Westrheim vel vere, når han 7.februar 2026 spring fire sekund raskare enn han nokon gong gjorde i 2025.

 

Sterk sesongstart av Oslo-avdelinga!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.