Konradløpet 2026: Viktig brikke vil mangle
Postet av Atle Jomar Hole den 10. Apr 2026

I år har «Konradløpet sin far» gyldig grunn for ikkje å delta.
Konradløpet vart til som ei direkte årsak av ein film vist under gravferda til Konrad Brunstad i år 2000. Der vart for fyrste gong Odd Kvammen sin film om Konrad vist. Ole Petter Berge var i gravferda og melde tilbake til Velledalen IL på bakgrunn av det han hadde sett, at «Konrad skulle eigentleg hatt sitt eige løp». Og det fekk han. Fyrste gong i 2002 med 195 deltakarar.
Odd Kvammen var raus og gav ein film til Velledalen IL, slik at filmen kunne visast under kvart løp. Og filmskaparen sjølv, Odd Kvammen, har vore i Velledalen under mest alle løpa. Han fekk 20 års premien i 2025. Den er høgthengande. Så høgt at berre fire personar er kvalifiserte til prisen om dei stiller i 2026.
Men i år melder han at han diverre ikkje kan kome, då arrangementet kolliderer med konfirmasjon av eit barnebarn på Tromøya, utanfor Arendal. Og det er sjølvsagt 100 prosent god grunn til ikkje å stille. Men vi trur, og håper, at Odd vil vere med oss i tankane om morgonen 1.mai, også dette året.
Uansett er Velledalen IL takksame og litt stolte over det vi har fått til i samarbeid med Odd Kvammen i åra etter 2002.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026
Orientering: KM sprint i Molde i dag
25.04.2026