Tøft i klasse M 23-34 i Drammen
Postet av Atle Jomar Hole den 12. Apr 2026
1300 løparar sprang mila på 53.00 eller betre i klasse M 23-34 i Drammen
M 23-34, DRAMMEN 10 KM, 11.APRIL 2026 (1300 løparar på 53.00 eller betre):
21. Sjur Haug Evebø, Ørsta IL, 30.46
29. Constantin Rust, Velledalen IL, 31.00 – Personleg rekord og klubbrekord for Velledalen IL
110. Anders Westrheim, Velledalen IL, 33.28 – Personleg rekord
125. Eirik Riisnæs, Horten Løpeklubb, 33.43 – Personleg rekord
131.Ola Løfald, Nardo Løpeklubb, 33.52
155. Sigmund Kvalheim, Måløy IL, 34.16
190. Eskil Engdahl, Torvikbukt IL, 34.28
497.Rudi Talberg Samseth, Måndalen IL, 38.01
Alltid tøff konkurranse i klasse M 23-34 under store løp. Difor kan Velledalen IL sin nye friidrettsleiar, Henning Tandstad, i dag vere stolt. Han hadde berre to utøvarar med i Drammen, der Constantin Rust sette personleg rekord på mila med 5 sekund og ny klubbrekord for Velledalen IL med like mange sekund.
Utøvar nummer to frå VIL, Anders Westrheim, pressa persen sin ned med 22 sekund. Sidan oktober 2025 til april 2026 – ein periode som ikkje vert rekna som høgsesong – har Anders sett tre nye personlege rekordar. Han har altså persa med langt over halvminuttet i perioden okt.25-april 26. Med andre ord ein kar som har gjort mykje rett treningsarbeid siste tida. På denne tida i fjor drøymde Anders om å smyge seg under 34 minutt på mila. I dag ser han 33.00 blinke litt fram i løypa.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026
Orientering: KM sprint i Molde i dag
25.04.2026