Årsrapport hesteskokastar-gruppa i VIL 1981
Postet av Atle Jomar Hole den 17. Apr 2026

50 årsfoto: Svein Bjarte Skylstad Foto er frå juni 1976
Les kva som gjekk føre seg i Velledalen IL for 45 år sidan!
ÅRSRAPPORT FRÅ HESTESKOKASTAR-GRUPPA I VELLEDALEN IL 1981
STYRET FOR 1981:
Pål Rune Lødemel, Bjørn Asle Lade, Inger Marie Lie, Arne Olufsen, Jostein Solheim, Kristbjørg Dale Bolstad og Knut Hjorthol
STEMNE:
14.MAI: OPE VELLEDALSMEISTERSKAP SINGLE:
I årets fyrste styrkeprøve var det Laila Ødegård og Harald Tennøy som hadde forma ”inne”. 10 damer og 22 herrar tok del, noko vi må vere fornøgd med ettersom stemnet gjekk i fjøstida ein torsdags-kveld.
23.MAI: OPE VELLEDALSMEISTERSKAP MIX-DOUBLE:
16 lag tok del i eit stemne der det tydeleg kom fram kven som hadde nytta våren til trening som det sømer seg for ein hesteskokastar-spire. Inger Marie Lie og Atle Hole gjekk i spann og slo ut all motstand.
24.MAI: OPE VELLEDALSMEISTERSKAP DOUBLE:
Damene kasta her for fyrste gong etter eit seriesystem, utan at nokon av den grunn makta å ta sigeren frå duoen Inger Marie Lie/Oddny Brunstad. I herreklassa vart «Bøtelane», Per og Kåre Hole-Drabløs, for sterke.
21.JUNI: KRINSMEISTERSKAP DOUBLE:
Omfattande innbyding sendt ut til gamle og nye lag og distrikt. 12 damer og 72 herrar tok del. Vinnarar Inger Marie Lie/Oddny Brunstad og Jan og Jon Hole-Drabløs
27.og 28.JUNI: NM DOUBLE PÅ BREIM:
Stemnet gjekk på grus. 24 lag frå Velledalen IL. Sterke plasseringar i dameklassa. Dei fleste utanom VIL nytta grevsko.
15.og 16. AUGUST: NM SINGLE DALEMYRA:
Det mest omfattande stemnet vi har arrangert. 225 deltakarar. Stemnet gjekk på gras (Dalemyra grasbane) med flatsko. Bra vêr – men det dårlegaste det he vøre nøkinj gong. Tomme hesteskohyller hos B.S. Aure i lang tid. Vinnar damer: Inger Marie Lie, Velledalen IL. 2. Åsta Myrmel, Jølster. 3. Laila Ødegård, Velledalen IL. Vinnar herrar: Jon Hole Drabløs, Velledalen IL, 2. Gustav Dalset, Velledalen IL, 3. Geir Sørebø, Søreide (han var visst nok prest). Under NM hadde vi eigen premiekomitè, som gjennom stor innsats samla inn gåvepremiar frå heile bygda, og såleis varta opp med eit enormt premiebord. Alle som gjekk vidare til søndag (64 herrar og 16 damer) vart premierte. Det var eit stort oppbod av funksjonærar, med samband mellom baner og sekretariat, som sytte for god og rask resultat-service. I tillegg hadde vi fast bane for presisjonskasting kvar dag. Populært og inntekts-givande. Premiering av dagsvinnarane og til slutt finale mellom desse.
Også nytt: Presse-NM. Gullhestesko til Bygdaposten, sløv til Sunnmørsposten og bronse til Sunnmøringen.
29. og 30.AUGUST: ØYE-CUPEN MIX-DOUBLE:
Øye-Cupen i tradisjonell stil, men denne gongen kun med mix-double. 32 lag tok del, og alle dei 32 beste laga gjekk vidare til sundag. Vinnarar og poeng i Sykkylvsbladet sin vandrepokal: 7 poeng: Edvard Nordang/Britt Flo, 5 poeng: Kjell Nilsen/Laila Ødegård, 4 poeng: Karl P.Hole/Ann Kristin Hole, 3 poeng: Jan Ove Skogvold/Torhild Horsevik, 2 poeng: Kjell Standal/Alfhild Standal, 1 poeng: Einar Dalheim/Tove Åbelvold.
Vi samarbeidde også i år med Union Hotell og skipa til dans fredag og laurdag til musikk av Grindes. Ei populær helg og ein tradisjon ein må prøve halde oppe også i framtida.
For hesteskokastar-gruppa
Bjørn Asle Lade Pål Rune Lødemel
Ein liten kommentar: Ein kunne ikkje liggje på latsida den som ville hengje med her. Merk at 48 utøvarar (24 lag) frå Velledalen IL deltok under NM på Breim. 1981 var sesongen der vi krangla med nordfjordingane om det skulle nyttast grevsko eller flatsko, og om det skulle kastast på grus eller gras.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026
Orientering: KM sprint i Molde i dag
25.04.2026