To VIL-kvinner har nyleg hatt fødselsdag

Postet av Atle Jomar Hole den 19. Apr 2026

 

Hurra for Anette Heimli Jokstad (38) og Reidun Holmberg (86)!

 

Det stundar mot nytt Konradløp. Derfor høver det godt å gratulere Anette Heimli Jokstad med vel overstått 38 års dag den 17.april. Anette er den VIL-kvinna som har lagt bak seg Konradløpet raskast. Tida hennar  på 16.45 stod som rekord til i fjor, då Julie Støverstein gjorde 16.44, som er gjeldande rekord for kvinner. Elles er Anette VIL-kvinna med flest NM-medaljar, sanka gjennom sterke prestasjonar innan greina OCR-hinderløp, og ho har fleire VIL-rekordar i tradisjonelle løp, mellom anna 10 km landeveg, der ho ved fleire høve har vore under 40 minutt. Ho er dessutan tidlegare fotballspelar i toppdivisjonen for kvinner for laget Kolbotn. I fjor sleit Anette mykje med skadar. I så måte ser det betre ut i 2026, og vi veit ho har trena godt siste tida. Velledalen IL ynskjer hell og lukke til med sesongen som no står for døra.

 

Reidun Holmberg hadde fødselsdag 18.april. Då vart ho 86 år. Til ære for Reidun tek vi med eit klipp frå 1979, ei hending nettsida vil tru ho hugsar godt. Det høver meir enn bra å fokusere litt ekstra på hesteskokasting i desse dagar, sidan vi nyleg miste den største drivkrafta Velledalen IL har hatt på fronten, Ragnhild Brunstad. Ho døydde for få dagar sidan, og vi minnest henne med stor takksemd. I tillegg til å vinne Øye-Cupen i parkasting saman med dottera Benedikte, er Reidun kjend som kona til John. Filosofen, John Holmberg (89).Han sat i VIL sitt hovudstyret under siste storrennet i Brunstadbakken (som samla 1500 tilskodarar), og han var leiar i hovudlaget då barneidretten vart innført i Velledalen IL. Han sat òg som leiar i 1967 då Velledalen IL arrangerte det fyrste barne-KM i langrenn på Sunnmøre. Basen for den hendinga var Lade Møbelfabrikk, med stor velvilje stilt til disposisjon for Velledalen IL av Reidun sine næraste slektningar, som då var eigarar av møbelfabrikken.

Velledalen IL gratulerer Reidun med overstått 86 års dag!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.