Baksjøløpet: Roger Malvin klassevinnar i M 60-64

Postet av Atle Jomar Hole den 19. Apr 2026

 

Stad: Åbogen i Innlandet, løypelengde 11,3 km.

 

Baksjøløpet er eit ganske så stort løp med kring 180 fullførande. Løypa er 11,3 km lang.

Roger Malvin Hole, fyrsteårs i klasse M 60-64, var Velledalen IL sin einaste utøvar i løpet. Og Roger var ikkje snauare enn at han vart klassevinnar.

 

RESULTAT BAKSJØLØPET, 11,3 KM, 19.APRIL 2026:

M 60-64:

  1. Roger Malvin Hole, Velledalen IL, 48.56
  2. Jan Hermansson, Malungs IF, 49.23
  3. Kjell Langfoss, Åbogen IL, 54.23
  4. Dag Hagestande, Langfosstoppen, 1.01,27

 

  • Bra løp, betre tid enn i fjor, skriv Roger til nettsida og fortel at tida hans også hadde halde til klassesiger i M 55-59.

Svært godt levert av Roger Malvin som kjem heim til Velledalen og årets Konradløp, men som også røpar at Birkebeinarløpet og merkekravet der, er sesongens hovudmål.

 

Beste herretid i Baksjøløpet: Martin Holtet, Kongsvinger Friidrett, 37,48 (M 18-34)

Beste kvinnetid: Karine Travaillaud, Frankrike, 44.54 (K 40-44)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.