VIL-hopparane Jan og Jonny flyg igjen
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2022
Det var magert med lokale hoppkonkurransar på natursnø for superveteran Jan Ringseth og ungguten Jonny Mauren denne vinteren. Men no i helga gjekk årets fyrste lokale renn på plast, og begge var på plass mellom 15 deltakarar i Spjelkavik.
Jan hoppa i klasse 70-79 år, med Sindre Helland, Stordal IL, som einaste konkurrent.
Den duellen avgjorde vår mann i sin favør etter hopp på 21,5 og 21 meter.
Begge hoppa til 3 x 15 i stil. Helland hoppa halvmeteren kortare enn Jan i begge omgangar, men fekk fine 3 x 16 på sistehoppet.
Dermed vart det jamt – 177,0 poeng på Jan Ringseth mot 175,6 poeng for Sindre Helland. Glimrande Jan!
Jonny Mauren hoppa i klasse G 14, som einaste deltakar. Rapportane seier han hoppa 33 meter i eit litt rufsete prøvehopp. Så la han på til 35 meter i 1.omgang av rennet, før han auka til 36 meter i den 2.omgangen. Begge dei teljande hoppa til 3 x 15 i stil. Totalt 181,2 poeng
- Det betyr at han byrja om lag der han slutta sist sesong, eller eigentleg litt betre, seier hovudsponsor Frode Mauren til VIL-Nett.
Sidan sist sesong har Jonny drive mykje seriøs styrketrening, og nye Fluegeski er på plass.
VIL-Nett gratulerer skihopparane våre med ein lovande sesong-start.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024