Friidrettsgruppa i fin flyt
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Apr 2022
Bøe som hare under MiniKonradFor Bøe er det frå før hektiske arbeidsdagar på Ekornes, då møbelindustrien siste tida har hatt rikeleg å gjere. Så kjem kveldane og helgene som nyttast til trening og konkurransar. Men palmehelga reiser Alf Petter Bøe på ein vel fortent ferie til Bøfjorden.
Og skal han først til Bøfjorden, tek han og ein tur innom skobutikken Löplabbet i Trondheim.
-
E treng flær sko-par å slit på, fortel Bøe.
Men allereie onsdag 13. april returnerar han til Sunnmøre for å vere medarrangør av Velledalen IL si sosiale samling på Vaarvon i Straumgjerde. Så er det sesongens første arrangement i friidrettsregi, PåskeKonrad, allereie dagen etter. Riktig nok eit uoffisielt arrangement i så måte, men ein fin tradisjon!
Her er friidrettsgruppa sitt program for første halvår. Det vitnar om ei hektisk tid for gode Bøe også vidare utover våren.
Skjærtorsdag 14. april:
Påskekonrad med start utanfor Nærbutikken Velledalen kl. 10:00
Laurdag 30. april:
MiniKonrad ved Dalemyra Stadion frå kl. 16:00
Sundag 1. mai:
Konradløpet
med start utanfor Nærbutikken Velledalen kl. 05:00 - og sjølvsagt frukost ved Velledalen Grendahus i etterkant.
Torsdag 5. mai:
Koldabakken Grand Prix på Hole - kanskje kongerikets kortaste motbakkeløp - kl. 18:30.
Laurdag - sundag 18. juni:
Skisserte datoar for
24-timarsløp ved Ikornnes Stadion.
Sundag 26. juni:
Tomasløpet i Straumgjerde. Trimklasse frå kl. 12:00 og konkurranse frå kl. 13:00, i samarbeid med hopp- og langrennsgruppa til Svein Arne Nakken.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024