Velledalen Bedehus lagt ut for sal
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Apr 2022
foto frå Velledalen.net
Velledalen Bedehus ligg på Hjorthol, sentralt i Velledalen.
Men har nærast ikkje vore i bruk dei siste åra. No er huset lagt ut for sal. Oddbjørn Brunstad i den lokale Indremisjons-foreininga seier dei ikkje ser seg syn med å drifte huset lenger.
-
Dessutan er Velledalen på dei næraste avkristna, seier Brunstad, som vidare fortel om ein liten kamp kvart år for å få inn midlane som trengst til straum, forsikring og andre naudsynte utlegg. Dørstokken på Bedehuset har for mange i dalen vorte høg med åra.
Men der finst håp. Konradløypa går rett forbi inngangsdøra til Velledalen Bedehus. Det same gjer Ramstaddals-løpet. Og VIL-leiar Ove Inge Skylstad er ikkje heilt avvisande til å kjøpe bygget:
-
Vi veks i alle retningar. Og det er ei kjensgjerning at Velledalen Grendahus heller ikkje er det det ein gong var, no som kjellarsalen ikkje er tilgjengeleg for leige. Vi ser oss om etter eit eige, eigna klubblokal. Eg seier ikkje at Velledalen Bedehus er eit perfekt bygg for oss, men med enkle ombyggingar kan det vere tenleg.
-
Kva med korset i fronten, mange lurer på om det i så fall vil forsvinne?
-
Om det er viktig for seljarane å behalde det, ja så godtek vi det. Vi er ikkje heidningar, heller. Og det lyser fint opp i den mørke årstida, og kan korset hjelpe nokon med retninga i livet, synest vi det også er bra.
Det er venta at bygget vil koste i området 600 000 – 1000 000 kroner. Har de dei pengane…?
-
Prisen er ikkje noko problem, men vi må gjere nokre små justeringar økonomisk. Dessutan har vi sponsorar med store musklar i ryggen, seier leiaren i laget med dei klart lågaste prisane på medlemskontingent innan idretten i Sykkylven.
Skylstad ber dei som vil støtte Velledalen IL sitt klubbhusprosjekt om å ta kontakt med kasserar Henning Tandstad. Han vil hjelpe med vipps-nummer og bankkonto-nummer.
...
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024