Ladda opp til Vasaloppet med minnerenn i Eidsdal
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2022
Kven var Kjell Løvoll?
Jau, han var beste langrennsløparen på Sunnmøre over ein lang periode, med glanstid på 1960-talet. Og han var far til Merete og Jon Kåre Løvoll, begge godt kjende i langrennsmiljøet på Sunnmøre.
Kjell Løvoll var kort sagt ein bauta i Eidsdal IL.
Minnerennet i Eidsdal samla ganske god deltaking over ulike distansar. Svein og Fridtjof gjekk begge 20 km, eit barneskirenn å rekne samanlikna med det karane skal gjennom komande helg; det 90 km lange Vasaloppet frå Sälen til Mora i Sverige
VIL-Nett ynskjer Fridtjof og Svein lukke til i helga!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024