Klubbmeteorologen i Velledalen IL talar til folket
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Feb 2022
?
I dag skein sola i omlag 3 timar p
å
Hole.
I dei f
ø
reg
å
ande 3 m
å
nadane har vi vel sett sola omlag 1 time til saman.
Dette har gjort klubbmeteorologen s
å
versjuk at eg ikkje har vore i stand til
å
krote ned eit vervarsel.
-Og det kunne kanskje vere like bra, då februar hadde vorte skivebom, ettersom månen varsla kaldt og turt denne månaden.
Klubbmeteorologen har også som ei oppgåve å måle nedbør ved ekstremver
?
tilh
ø
ve.
Frå 12. januar til 14. februar har eg målt ca. 690 mm nedbør med relativt påliteleg måleutstyr. Det har kome godt med nedbør også seinare i februar, så eg tenkjer at det har kome omlag 900 mm hittil i år. Ifylgje min granne Oddvar ligg snittet på Hole på 1500 - 1800 mm i eit normalår. Då har vi altså fått minst halve årsnedbøren for 2022 på 2 månader. Dei neste 10 månadane får vi gle oss over det som kjem av nedbør.
Etter det ulykksalige mislukka klimamøtet i Glasgow i fjor haust har ikkje månen og almanakken vore til å lite på i det heile. Rett nok fekk vi som nymånen varsla nordvest med storm og nedbør første halvdel av januar, og det til gagns.
Så til resten av 1. halvår:
Første halvdel av mars varslar almanakken og nymånen vestaver med nedbør. Det er lite truleg at det slår til etter det vi har hatt til no av nedbør. Mest truleg har ikkje månen teke seg innatt etter klimamøtet i Glasgow enno. For 2. halvdel av mars får eg følgje tante Kalla sin måte å tolke fullmånen på, så då bør det for det meste verte austaver med litt nattefrost og sol på dagane.
Godveret skal halde fram i april, og det kan bli nokre fine og varme dagar i 1. halvdel. 2. halvdel vert det ein del ruskever.
Konradløpet 1. mai trur klubbmeteorologen kjem til å gå i relativt dårleg ver med ein del nedbør. Rundt 17. Mai slår veret truleg om til godt og varmt.
Stort sett heile juni skal verte turr og varm.
I juli ser det også ut til at det vert turt og fint ver.
Dersom desse klimamøta held fram med å uroe månen slik at han kjem i ulage med omsyn til veret, vil klubbmeteorologen vurdere å trekkje seg frå vervet sitt.
Hole, 27. februar 2022
Per-Gunnar Holmberg
Klubbmeteorolog i VIL
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024