Asgeir Rausand vann seg VIL-cap i helga
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Feb 2022
Om nokon var i tvil; så var året 1982 – som betyr at rett svar var 40 år.
Om kort tid er det 40 år sidan VRF møtte Sykkylven til treningskamp for damelag på Slettegjerde. Med 1-0 til VRF som resultat. Mål av Bjørg Frøystad Hole. Same år deltok både VRF og Sykkylven i seriespel i regi av Sunnmøre Fotballkrets. Her fekk Sykkylven IL revansje, og kom høgare på tabellen enn VRF.
Denne fotball-kampen i 1982 var i tillegg eit langt likestillings-steg mellom menn og kvinner. Pussig nok var fotballen som idrett ganske seint ute på dette feltet.
At det kom flest svar frå menn til denne helga-konkurransen er eigentleg litt underleg. Mellom alle rette innsende svar vart Asgeir Rausand trekt ut som vinnar.
VIL-Nett gratulerer!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024