Barnas Fjellsæterrunde sundag 20.februar

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Feb 2022

Arkivfoto
Barnas Fjellsæterrunde vert arrangert i Ladalen sundag 20.februar. Rennet er ope for alle i alderen 0-16 år. Her fylgjer litt informasjon om rennet:
PÅMELDING:
  Renndagen frå klokka 11.15 i bua ved startsletta
STARTKONTINGENT:
  Kr 60,- per utøvar
PREMIERING:
  Premie til alle
LØYPE:
  Rundt Sætrevatnet (bort i mot 3 km) – dei yngste kan gå kortare runde.
START:
  Fellesstart klokka 12.30.

Målet må vere meir enn 100 utøvarar med startnummer på brystet.

Barnas Fjellsæterrunde er ein del av det tidlegare «Fjellsæterrunden-konseptet». Dette vart starta opp av Sykkylven IL med eit prøverenn i 1978. Frå 1979 vart idrettslaga Ikornnes IL, Hundeidvik IL, Sykkylven IL og Velledalen IL saman om arrangementet. Beste åra samla denne renn-helga over 500 deltakarar, inkludert trimklassa. Barnas Fjellsæterrunde kom til seinare, og er i dag einaste delen som er att av dette suksess-arrangementet. Særleg på 1980-talet var deltakinga overveldande.