Renn nummer to i TeleNor/Fjellsætercup i Ladalen i kveld
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Feb 2022
Truleg vil mange delta i renn to i TeleNor/Fjellsætercup i kveld, då vêr- og føreforholda er gode på fjellet. Rennet går i fristil, som betyr ein kan nytte den teknikken ein sjølv ynskjer.
Det er påmelding ved start i tidsrommet 17.30-19.00. Startkontingenten er 50 for born, 100 for vaksne. Deltakarane i Velledalen IL sin aktivitetsskule slepp betale startkontingent, då laget syter for dette. Vi minner om at alle deltakarar får TeleNor oppstart-premie i sitt fyrste renn. For premiering elles, må ein ha to renn eller fleire i løpet av sesongen.
Så minner vi om sundag 20.februar; som er datoen for Barnas Fjellsæterrunde 2022. Med fellesstart og premie til alle.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024