Fleire VRF-spelarar i aksjon i 1962

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Feb 2022

I fotball-reportasjen VIL-Nett hadde om VRF frå det gode fotballåret 1962, etterlyste vi fylgjande:
 1. Namn på smågute-spelarar på VRF sitt gode lag i 1962 som berre mangla eitt mål mot AaFK på KM-tittel.
 2. Meir enn 11 namn på VRF sitt A-lag som vart KM-vinnar i 3.divisjon i 1962.

Vedkomande smågute-spelarar anno 1962 har det vore heilt taust. Ikkje ein lyd. Ganske pussig, sidan dette var eit særs godt lag.
Som altså spela 1-1 (heime) mot AaFK, og vann 1-0 borte over Langevåg som var dei to andre avdelingsvinnarane.

Så til spørsmål 2:
Opptakta til spørsmålet var at VRF hadde spela 22 seriekampar dette året, men det stod berre 11 namn på KM-diplomet. Som betyr at mange med stort tal kampar ikkje blir nemnde.
Men her har Svein Hjorthol kome med eit innspel, og vist gjennom tekst og foto (frå aviser) at trioen Halvor Raknes, Arnljot Lade og Arne Tvervaag i alle fall var med.
Vidare skriv Svein:
 -  Trur at Gustav Tandstad og var med i 62-sesongen. Såg i eit notat at han var ansvarleg for gymnastikk-trening av spelarane. Bolla sa og at han var med laget i 62.

Det Svein hevdar plar vere korrekt. Men det kan kanskje vere fleire. Om dei greidde seg med 15 spelarar i ein sesong med 22 seriekampar måtte dette dreie seg om helsesterke karar.

Elles har arbeidet med denne saka avdekt at spelaren Halvor Raknes sitt namn ikkje kom på diplomet som heng i Velledalen grendahus. Dette året, i 1962, vart Halvor Raknes nominert på Sunnmørsposten sitt «Årets Lag («Ukens 11») i 3.divisjon. VRF hadde tre mann på dette laget, nemleg Bård Erstad og Lars Kornberg i tillegg til Raknes. Altså var Raknes god nok til å kome på det som vart rekna som «Årets Lag» i 3.divisjon, men ikkje funnen verdig av VRF til å få namnet sitt på diplomet. Uansett tal kampar Raknes spela denne sesongen, har nokon i VRF svikta her. Faktisk bør diplomet ned av veggen snarast, og Halvor Raknes sitt namn førast på, som namn nummer tolv på KM-diplomet frå 1962. Alt anna vil vere småleg.