Dramaet VRF-Rollon – Del 2
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Feb 2022
VRF fekk altså revansje for vårtapet (3-2) i Ålesund, med 2-1 på Slettegjerde. Tabellen viste 23 poeng til VRF, 22 til Rollon. Spelarar, og dei som stod VRF nærast, kjende seg kanskje trygge på Einar Fet sin «spilleberettigelse» var i orden, men den jamne VRF-tilhengar våga ikkje sleppe jubelen laus. Fekk Rollon poenga etter protest, ville det stå 24 poeng til Rollon og 21 til VRF. Med berre ein kamp att (den gongen to poeng for siger), ville serien vere avgjort i Rollon sin favør. Og formannen i Sunnmøre Fotballkrets sitt Styre, Rolf O Larsen, representerte Rollon. Godt stoff for den lokale pressa. Frå Sunnmøre Fotballkrets sin Årsrapport for 1965 har vi saksa fylgjande:
PROTEST FRÅ SPKL. ROLLON – SPILLEBERETTIGELSE EINAR FET – SERIEKAMP 4.DIV. VRF – ROLLON, 11.SEPTEMBER 1965
PROTESTGRUNNLAG:
Etter ovennevnte kamp nedlegger Spkl. Rollon protest mot Einar Fets spilleberettigelse. Den begrunnes med at Einar Fet dro tilbake til sin militære forlegning i Bodø onsdag 15.sept, og betingelsene for å meddele Einar Fet automatisk spilleovergang fra Bodø/Glimt til VRF kunne således ikke være til stede.
Protesten er formelt i orden og ble behandlet i kretsstyretmøte den 18. september, der kretsformannen fratrådte under saksbehandlingen. Forretningsføreren kontaktet NFF og fikk opplyst at Einar Fet var spilleklar for sitt lag i nevnte kamp og «overgangen» var i orden. Bodin Leir Personellavdelingen opplyste: «Einar Fet var ferdig med sin førstegangsteneste 8.september 1965. Han kunne således dimitteres denne dag, men etter eget ønske ble Einar Fet satt opp i den militære finalecupen i Oslo 16.september 1965».
Under saksbehandlingen ble brev av 17.sept.1965 fra VRF lagt fram, likeledes brev av 17.sept, hvor Hjalmar Brunstad A/S meddeler at Einar Fet tok til i arbeid 7.sept, og ble meldt inn i Trygdekassa samme dag. I tillegg er vernepliktsbok for Einar Fet No51374/64 forelagt kretsstyret hvor det går fram at han ble dimittert 7.sept.1965.
VEDTAK:
Protesten fra Spkl. Rollon forkastes. Protestgebyret tilfaller kretskassa
MOTIVERING:
Ettersom Einar Fets militære tenestebok viser at han ble dimittert 7.sept.1965 er det ingen grunn til å dra hans spilleberettigelse i kampen VRF-Rollon i tvil. Jfr. Loves paragraf 24 og 25h
Denne avgjørelse ble av Spkl. Rollon appellert til NFF, som fattet slik beslutning: Appellen forkastes. Sunnmøre Fotballkrets` avgjørelse opprettholdes. Jfr. NFF årbok 1965».
Deisa vernepliktsboka i kontorpulten
Det er ikkje vanskeleg å fatte at folk i krinsane Tandstad og Velledalen levde seg inn i denne saka. I Ålesund vart Astrup Olsen sett på som sjølvaste Mr.VRF. Noko han i røynda også langt på veg var. Vi trur det var ei av hans stoltaste gjerningar frå VRF-tida då han reiste med Einar Fet si vernepliktsbok til Ålesund – eins ærend med buss - og deisa den i bordet på Sunnmøre Fotballkrets sitt kontor i Ålesund. Som «Rollon-gutt» av opphav, var det viktig for Astrup å vinne denne saka. Og han vann den - for laget han elska - og folket i krinsane Tandstad og Velledalen.
Kretsmeisterskap til VRF.
4.divisjon i 1965 enda slik, etter at VRF slo Blindheim 4-0 borte i siste kamp, medan Rollon tapte 2-0 i Ørsta:
25 poeng: VRF (målskilnad 37-12 på 14 kampar)
22 poeng: Rollon (39-19)
17 poeng: Spjelkavik (26-18)
15 poeng: Sykkylven (40-27)
14 poeng: Ørsta (24-15)
12 poeng: Valder (33-29)
5 poeng: Stordal (14-51)
2 poeng: Blindheim (11-53)
Kvalifiseringskampar og opprykk.
Etter serieslutt skulle serievinnarane på Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre kjempe innbyrdes om opprykk til 3.divisjon. Kampen stod mellom Braatt (Nordmøre), Eidsvåg(Romsdal) og VRF. VRF hadde heimekamp mot Eidsvåg. Her hadde laget ein heller svak dag offensivt, og måtte nøye seg med 1-1. Nervøsiteten var stor før bortekampen mot Braatt.
VRF måtte vinne om dei ville opp. Nordmøre-turen vart ei triumf-ferd, der resultatet 1-5 krona ein framifrå sesong for dei gulsvarte. På diplomane for KM og Distriktsmeisterskap står fylgjande namn:
Johan Svindseth
Sigbjørn Fet
Erling Solsletten
Odd Kåre Fet
Lars Erstad
Rolf Lødøen
Arthur Kornberg
Palmar Lyngvær
Svein Welle
Lars Kornberg
Bård Erstad
Johan S. Grebstad
Det var nok fleire som bidrog, men dette var dei tolv spelarane med flest kampar
Mellom dei beste på Sunnmøre
Alt i 1965 var VRF mellom dei beste på Sunnmøre. Topp-10 rangert ut frå plasseringane i dei ulike divisjonane i 1965:
1. Hødd (vinnar 2.div avdeling B)
2. Herd vinnar 3.div avdeling Møre)
3. AaFK (nummer 3 i 3.div)
4. Langevåg (nummer fire i 3.div)
5. VRF (nummer 1 i 4.div)
6. Rollon (nr. 2 i 4 div)
7 Spjelkavik (nr. 3 i 4 div)
8. Sykkylven (nr. 4 i 4.div)
9. Ørsta (nr. 5 i 4. div)
10. Valder (nr. 6 i 4. div)
Legg merke til at vi har to lag frå Sykkylven kommune på denne lista – dermed beste bygdekommune i fotball. Berre bykommunen Ålesund var betre!!! Grell kontrast til dagens situasjon.
For VRF vart 1965-sesongen eit minnerikt år. For Spkl. Rollon det stikk motsette. Dei tapte mot VRF i NM-cupen etter omkamp. Dei tapte ein tett duell i serien. Dei tapte sin eigen protest mot VRF i Sunnmøre fotballkrets og dei tapte anken i Norges Fotballforbund. 1965-sesongen var verkeleg « eit drama VRF-Rollon». I røynda var dei ganske så jamgode. Etter fire kampar i serie og cup dette året stod det 8-7 til VRF. Dette er ikkje berre historia om to ganske gode fotballag, men like mykje om ein dedikert fotball-leiar, Astrup Olsen. Busett i Straumgjerde med opphav frå Ålesund. Hovudpersonen sjølv, Einar Magne Fet, seier i ein kort kommentar til VIL-Nett:
- Eg minnest det var eit himla styr, og at Astrup hadde det svært så travelt den aktuelle veka dette stod på. Det var dokumentasjon som skulle skaffast, fristar som måtte haldast og presse som skulle ha sitt. Men det enda i alle fall godt, til slutt.
Kjelder til artikkelen «Dramaet VRF-Rollon i 1965»
Sunnmøre Fotballkrets sin Årsrapport frå 1965
Klipp frå Sunnmørsposten
Utklippsboka til Astrup Olsen
Einar Magne Fet
Svein Helge Hjorthol – (svigerfar til Svein – Per Longva, Herd – vart for øvrig kretsdommar i 1965)
Olagarden, 3.februar 2022
Atle Jomar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024