Ingen Idrettsgalla, men VIL deler ut prisar for 2021
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2022
Arkivfoto
Lagkonkurranse i o-løp er noko ganske så nytt for Velledalen IL. Men ei øving VIL sin unge løparar har hatt draget på.
Under Midt-Norsk meisterskap i Sør-Trøndelag var påmeldinga slik:
14 lag frå Trøndelag
1 lag frå Velledalen IL
Her sprang Johan Fløttum Fauske, Mikkel og Tobias Ibsen Lervåg på Velledalen IL sitt lag. Sofie Fløttum Fauske skulle vore med, men vart bilsjuk på turen mot samlingsplassen. Men dei tre gutane tok ein imponerande 2.plass.
Bak Stjørdals-Blink, men føre vel-drivne klubbar som Freidig og Verdal OK.
Ikkje nok med dette. Under Velledalen IL sitt kretsløp fyrste helga i september 2021, gjekk fire VIL-gutar like godt heilt til topps i ein ny lagkonkurranse.
Denne gongen sprang Elias Bjerkan, Johan Fløttum Fauske, Mikkel og Tobias Ibsen Lervåg på laget.
Juryen har bestemt at prisen «Årets O-prestasjon» går til Sofie Fløttum Fauske, Johan Fløttum Fauske, Elias Bjerkan , Mikkel Ibsen Lervåg og Tobias Ibsen Lervåg.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024