Roger Malvin i framgang
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Okt 2017

arkivfoto
Nøklevann Rundt er eitt av
mange store løp på Austlandet. Løypa er 9,63 kilometer, går i kupert og
krevjande terreng, og vert tidsmessig rekna som ein «hard tiar».
Roger Malvin Hole deltok i
løpet i 2016. Tida vart då 45.01, som heldt til 15.plass av 45 fullførande i
klasse 50-54 år.
Men 2016 var året der Roger sleit tungt med akilles-problem.
Noko som hemma han både i trening og konkurransar.
No er
skadeproblema eit tilbakelagt stadium, som gjer at «Hol-hynen» har fått trena
betre. Resultatlista lyg heller ikkje. I helga leverte Roger 43.39. Det er
imponerande eitt minutt og 22 sekund raskare enn i 2016, av ein mann i ein
alder der årleg tilbakegang er meir naturleg enn framgang.
Roger fekk betalt for
framgangen også på resultatlista. Denne gongen vart det 11.plass av 46
fullførande i klasse 50-54 år. Og av dei 498 mannfolka som tok seg til mål - dei aller fleste yngre enn Velledalen IL sin mann – vart Roger nummer 151.
Vi gratulerer Roger Malvin
Hole med ei sportsleg oppmuntrande helg!
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024