Friidrettsleiaren jubilerer 8. september
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Sep 2017
I åra etter 2.verdskrigen
seig det ein del karfolk frå Nordmøre til Velledalen. Her var kåra bra – både arbeid
og kvinnfolk, så det enda ofte med giftarmål, husbygging og familieliv. Alf
Petter Bøe var ein av dei siste, kanskje den aller siste, som kom. På Nordmøre
hadde han gjort unna del 1 av idrettslivet sitt. Som fotballspelar på Bøfjorden
IL og langdistanseløpar for Rindals Troll.
Del 2 av fotballkarriera
vart utøva i Hundeidvik, men det vart i Velledalen han kom til å busetje seg. Kjærleiken førte han hit. På Brunstad vart det
famileliv som gav han to døtre. Og her hadde han så gilde dagar, at han valde å
«sleppe seg ned» formmessig. Faktisk ganske langt ned, òg.
Men slik kunne ikkje AP
Bøe ha det. Han kom til eit stadium der han rydda i eigen kropp. Gamle og kjære
postulat frå Tor Jarle Bolme vart henta fram, og mannen la seg i trening att. I
2011 gjorde han 15.39 i Konradløpet, kvasst av ein mann på knappe 44 år.
Slikt vart lagt merke til,
og Alf Petter vart friidrettsleiar i Velledalen IL. Han tok til å konkurrere
igjen for RindalsTroll, som etter kvart skifta namn til Rindal IL, leiande
klubb på løpssida i Møre og Romsdal.
FAKTA ELLES OM AP BØE:
·
Er i god fysisk
form og har Torvikbukt Rundt som sitt neste konkurransemål. Er litt plaga med
strekkar (Vi kjenner til den, Bård Erstad!), så han burde hatt eigen massør.
·
Han har ei eiga
treningsgruppe, stort sett middelaldrande menn (og vel så det), som lyder
namnet TEAM BØE.
·
Han har eige
tippelag, som heiter Holebøeholm tippelag. Går Ekornes på ræva kan Alf Petter
lett livnære seg av tipping, då tippelaget hans siste året fekk att 2,4 gonger
innsatsen i premiar. Eit eksepsjonelt resultat!
·
Han vert dette
året fyrste nordmøring (stemmer det, Nils!)som vinn ein av Velledalen IL sine
trimpostar (Høgsætra).
·
Han ligg an til å få over 1500 trimpoeng denne
sesongen.
·
Han er den
personen i Velledalen som har drukke fles
t kaffikoppar frå Nærbutikken
si kaffimaskin.
·
Han er truleg einaste personen frå Velledalen som kan
skryte av å ha hatt kroppskontakt med Karsten Warholm det året (2017) han vart
verdsmeister på 400 meter hekk..
·
Han har Konradmedaljen i GULL.
Utruleg mykje meir kunne
vore skrive om mannen. Mellom anna at han arbeider med å bli ein betre o-løpar,
og at han har fått fram eldste dottera, Ildri; til å bli ein habil kulestøtar.
Men vi får la det vere med denne konklusjonen:
Takk Nordmøre, Bøfjord og
Rindal for den fysiske fostringa de har kapitalisert i Alf Petter Bøe!
Idrettsmiljøet i Velledalen set utruleg stor pris på denne mannen. Idrettsvener i alle fasongar GRATULERER med 50
års dagen!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024