Panoramaleikar i vekst levde opp til namnet
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Aug 2017
Ein strålande dag på
Ikornnes Idrettspark i går, då den fjerde utgåva av Panoramaleikane vart
arrangerte med ny deltakarrekord – over 90 utøvarar med samla over 200 startar.
Timen frå 12.00-13.00 var
rekruttane sin time. Her sprang gutar og jenter i alderen 8-10 år 60 meter, og
dei hoppa lengde. Med stor iver. Her burde Velledalen IL hatt med fleire, men
æra vår vart berga av deltakinga til
Olve
Hole Bjørneseth.
Frå 13.00 – 16.30 rådde aldersgruppa 11-19 år grunnen.
Espen Strøm Grebstad
fekk æra av å
avslutte dagen med debut som baneløpar på 1500 meter. Diverre hadde 17-åringen
ingen konkurrent. Dermed vart det eit sololøp på tida 4.43. Det bør Espen seie
seg nøgd. I eit større felt spring han heilt klart langt med på 4.30-talet.
Og her skal Espen få seg eit lite toårsmål
med på vegen. I 1949 vart Paul Hole Velledalen IL sin fyrste KM-vinnar i
friidrett. Han var då om lag 19 og eit halvt år, og sprang 1500 meter på 4.23.
I høve til debuten må altså Espen presse seg 20 sekund ned på to år, noko
VIL-Nett trur han greier.
Elles vart kulestøt ei god
øving for Velledalen IL på Ikornnes, med i alt fire medaljar – to gull og to
sølv.
VIL-RESULTAT:
Vilde Sofie Hustad J 11 år
: Nr 1 i kule (5,96 m), nr.8 på 200 m (49.00), nr 11
på 60 m (12.81)
Ingrid Hole Bjørneseth J 11 år
: Nr 2 i kule (5,67), nr 8 på 60 m (10,67)
Pia Johansen J 12 år:
Nr. 2 i kule (6,00), nr 3 på 60 m (11.08), nr 3 på
200m (41.73)
Ildri Bøe J 16 år
: Nr.1 i kule (8.99) –
I rekrutt-klassa var det
medalje til alle deltakarane. Der må VIL-målet vere ein sterkare representasjon
ved neste korsveg. Men det gledelege var at alle utøvarane våre, 11 år og eldre,
fekk minst ein tur på sigerspallen. Håper det gav meirsmak!!
Nemnast må det òg at
stemnet var meir enn PANORAMA. Det hadde også kvalitet. Då tenkjer vi i fyrste
rekkje på strandaren Ole Sivert Røyrhus. 14-åringen sprang 400 meter på 55,27,
årsbeste i heile kongeriket, vart det sagt av «forståseg-påarane». Elles viste
utøvarar frå Dimna IL og Valder IL at det kan vere lurt å trene.
Ikornnes IL kom god frå
arrangørjobben, med litt hjelp av gode naboar i Sykkylven IL og Velledalen IL.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024