Kvar i verda ligg Koldabakken…?

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jun 2017

Koldabakken Grand Prix har
vore arrangert i nær ti år. Ikkje eit spesielt stort løp, men ein type løp ein aldri
gløymer. Det er slike stadar ein kan bli betre kjend med eigen kropp, vert det
sagt.

Det finst truleg fleire «Koldabakkar»
i Sykkylven, men einaste Koldabakken med motbakkeløp ligg på Hole. Køyr forbi
Holmbergs Gartneri, og hald fram heilt til det vert slutt på asfaltert veg. Der
den asfalterte vegen sluttar (ved garden til Nils Skylstad) er det påmelding
(frå 15.00), og då er ein kring 100 meter frå startstaden. Eller meir presist;
100 meter innover grusvegen tek ein til høgre – og bakken ligg der innbydande.

Dette er også eit løp som
eignar seg utmerka for publikum. Ein kjem tett på, og her er det lov å heie!
Arrangøren reknar årets utgåve som ei opa affære, då det er høgst usikkert om nokon
av rekordhaldarane (Kjell Magnar Berli/Andrea Berge Kastellet) stiller.

Startkontingenten er 50 kr for kvar startande,
eller ein gunstig familiepris; kr 100. Ein gjer som ein vil om ein stiller MED
eller UTAN tidtaking. Kvar deltakar for startnummer som gir rabatt hos Sport
1/Focus Sport, på same måten som under Konradløpet