Saftig av VIL i Holmenkollstafetten
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mai 2017
Dersom friidrettsleiar AP
Bøe ser ekstra lukkeleg ut dei næraste dagane har det sin grunn. Med god hjelp
av Osloavdelinga i Velledalen IL, vart det tromma saman eit lag med ganske
mange ukjende – men med stor slagkraft skulle det vise seg. Frå Selma som yngst,
og knappast tenåring, til friidrettsleiaren himself, som etter rykta går i sitt
50. leveår.
Slutt-tida 1.03.46 heldt
til 28. plass av 1426 fullførande lag i klasse A 1 (Miksa lag med fleirtal
menn). Laget vårt hadde fire kvinner/jenter og elleve menn.
Vi slo lag som
Handelshøyskolen BI (nr 32), Norges Bank Idrettslag (38), Norges Skiforbund (nr
50) og Gjelleråsen Ski (nr 55) og mange, mange fleire.
Ein stor del av løparane
våre var inne mellom dei 100 beste på sine etappar. Det vil seie inne mellom
dei 100 beste av 1426 i vår klasse.
Denne statistikken toppa Anders Wigdahl med
20. beste etappetid på 11. etappe, Nicolai Handle Jensen hadde 30. beste tid på
4. etappe, Øistein Olsen hadde 43. beste tid på 6. etappe, Njål Torillson
Tyssing hadde 53. beste tid på 10. etappe, Alf Petter Bøe 76. beste tid på 8.
etappe, Arild Kampenes 79. beste tid på 15. etappe og Oskar Johan K Hole 80.
beste tid på 2.etappe.
Laget vårt gjorde ei
snittfart på 3.25 pr kilometer, som betyr 17.51 kilometer i timen. Er det rart
friidrettsleiaren vår skein………???
Tider siste fire år:
2014: 1.11.52 – seks jenter/kvinner – 235. plass i A 1
2015: 1.07.40 - fire
jenter/kvinner – 79. plass i A 1
2016: 1.96.44 – tre jenter/kvinner – 45. plass i A 1|
2017: 1.03.46 – fire jenter/kvinner – 28. plass i A 1
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024