Orientering: Velledalen IL satsar i sentrum
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Apr 2017
Rett over påske smell
startskotet for O-sesongen 2017. Opning på Emblem 18.april med nybyrjarkurs og
arrangør-kurs. To dagar seinare (20.april) finn debuten for det nye sentrumskartet
i Sykkylven stad, då sesongens fyrste o-tekniske trening vert halden i sentrum etter det nye kartet.
O-gruppa melder til
VIL-Nett at dei ikkje er åleine som viser interesse for tiltaka i sentrum. Både
Vik skule (Knut Orre) og Sykkylven vidaregåande skule (Marita Mandal) deltek
under kurset på Emblem den 18. april. Og når det gjeld det nye sentrumskartet
har fleire skular og speidargrupppa i Sykkylven meldt seg intersserte. Like
eins fylket sin klart leiande O-klubb, Emblem IL, som altså legg samlinga si
til Sykkylven den 20. april. Her vert Erlend Nilsen Sandnes, ein av Emblem IL
sine hardtsatsande juniorar, løypeleggar.
- Kven kan delta på
samlinga?
- Den O-tekniske
treninga passar best for store born og vaksne, men Velledalen IL vil ha eit
opplegg for små born, så ALLE kan ha nytte av kvelden.
F
orbodne område. At Aure-kartet (sentrumskartet) er i ferd med å
verte ein suksess alt før det er teke i bruk, viser det faktum at Emblem IL har
ymta frampå om eit kretsløp på kartet i september.
- Då er det snakk
om relativt korte distansar, gjerne med ca 15 postar og ei vinnartid ned mot 15
minutt i dei ulike klassene, fortel Erlend Nilsen Sandnes, som tok ein siste
finpuss av kartet no i påska.
- Sprintorientering
og skogsorientering er to vidt forskjellige greiner. Det er fullt mogleg å lage
krevjande løyper etter eit sentrumskart, og her i Sykkylven ligg alt godt til
rette med blanding av parkar, markar, bustadfelt, asfalt og sentrum. Dessutan
vert det forbodne område, og ein kan ikkje krysse sterkt trafikkerte vegar der
ein vil; det kan berre skje ved gangfelt, seier Erlend, som gler seg stort til
testdagen komande torsdag.
Sentrumskartet.
O-kart arbeid er ganske krevjande, omfattande, og må vere nøyaktig arbeid. Då
VIL-Nett snakka med Erlend i sentrum i påska var det avsluttande smådetaljar i
kartet han arbeidde med.
- Kor stort område
dekkjer kartet?
- I kvadrat-kilometer
veit eg ikkje eksakt, men du kan få vitet området som er med. Vi han starte ved
Haugneset som er innanfor, så fylgjer vi sjøkanten ut til Aureelva, og denne
opp til Sykkylven stadion (kunstgrasbana). Vidare derifrå kan det dragast ei
line opp til Speidarhytta og derifrå ned igjen til Haugneset. Alt innanfor
dette området er med i det som truleg i framtida vil gå under namnet «Sentrums-kartet».
VIKTIGE DATOAR:
·
18.april:
Nybyrjarkurs O-løp og arrangør-kurs på Emblem
·
20.april:
O-teknisk trening på nytt sentrumskart i Sykkylven + opplegg for dei minste
·
22.apri:
Ungdomssamling i Ålesund i regi av Møre & Romsdal O-krets
·
23. april: sesongopning
O-løp for Alle på Aksla – arr: Emblem IL
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024