Tiltaksprisen til Hopland, Brochman og Tomtum
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jan 2017
Alt i 2015 lova Julie
Brochman at ho skulle drage i gang VIL sin Idrettsskule i 2016. Ho heldt
lovnaden. Idrettsskulen kom i gang i oktober 2016 med symjing som fyrste
idrettsgrein.
2016 var også året der
Thorbjørn Hopland ville yte sin skjerv. Han kom med spørsmål om å få starte opp
ei innebandy-gruppe. I utgangspunktet for herrar. Men etter at opningsåret er
vel overstått viser det seg at aktiviteten også er populær mellom kvinner.
Mot slutten av året kom
nok ei gledeleg melding. Janne Tomtum lurte på om ein måtte ha spesielle
kvalifikasjonar for å få starte opp eit parti med dametrim. Kvalifikasjonane
vert heilt sikkert IKKJE dregne i tvil når kvinnene formeleg fløymer inn i
Velledalen grendahus onsdag 18. januar klokka 20.00. Rykta seier at Pernille
Ibsen Lervåg også har ein finger med i dametrimmen.
Uansett:
At tre engasjerte, positive menneske melder
seg til teneste på denne måten er ikkje
vanleg lenger i Velledalen. Difor eit saftig HURRA, HURRA, HURRA
for trioen Julie, Thorbjørn og Janne.
«TILTAKSPRISEN» er ein viktig pris. Velledalen IL
gratulerer!
PS. Kanskje lurer folk
over 55 år på om Janne Tomtum er i slekt med skihopparen Bent Tomtum…? Svaret
er Ja, men ikkje heilt nærslekta.
Men om det er nok til også blåse nytt liv i
hoppmiljøet….. ja, det står att å sjå.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024