Folket sin idrettspris: 8-8 i teten
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2012
Vanlegvis kjem det flest stemmer mot slutten. Difor kan mykje endre seg. Men Nyttårskvelden klokka 22.30 var det kome inn 24 stemmer fordelt på fem kandidatar. Vi skal ikkje røpe namna i teten, men det teiknar å bli jamn kamp til det siste. To døgn før sluttstrek står det altså 8-8 i toppen, men dette er ikkje fleire stemmer enn at andre kan blande seg inn mot slutten.
Alle som stemmer er med i trekninga av ein flott hettegensar med Konradløplogo. Kvar person kan stemme på TO namn, innan 2. januar klokka 23.59.59 til:
atlehole@online.no
- eller
917 43 761.
Vi minner elles om at ein jury skal kåre «Årets Utøvar» i VIL under Miniidrettsgallaen i Velledalen Naturbarnehage den 3. januar. Dei som har dette ærefulle oppdraget er Bente Brunstad, Kenneth Fet og Pål Rune Fet. Vinnarnamnet vert fyrst kunngjort ved utdelinga
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024