GOD JUL til alle
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Des 2012
Velledalen IL ynskjer medlemar og støttespelarar ei fredfull og god julehøgtid !
Det vart snølaus julaftan i 2012. Dei overtruiske vil hevde Velledalen IL har skuld i dette, sidan laget valde tre motiv utan snø til julekorta sine. Slike skuldingar kan ikkje kallast tunge bører.
MOTIV 1 –«KONGEN AV MYRDALSFJELLET»
Fotograf Nils Terje Skylstad, under ein dugnad Elling og Nils hadde for og synleggjere og sikre trimposten på Myrdalsfjellet. (Tidlegare var boka gøymd i ein steinvarde slik at den var uråd å finne for dei som ikkje visste den fanst). Elling Hole har «vunne denne posten» to år på rad.
MOTIV 2 –«60 års jubileum»
Fotograf Atle Hole. Biletet vart teke i samband med marknadsføringa av «Det store Folkerennet» for nokre år sidan. I 2012 har dette fotoet av Paul Hole og Jon C. Brunstad ein viss historisk verdi. Det er nemleg 60 år sidan desse to karane gjekk på Velledalen IL sitt lag som vann 4x10 kilometer stafett under KM i Hovdebygda i 1952. Dei to andre på laget, Olav P. Hole og Ole Arnold Hole, er begge døde.
MOTIV 3 –«Flat pedal i Minikonrad»
Fotograf Liv Nordli Hole. Konradløpa er mellom dei store arrangementa i Velledalen IL. I 2012 vart det sett ny deltakarrekord i Minikonrad. Dessutan var det heilt naturleg at minst eitt av julekortmotiva var av born.
Julekorta hamnar på langt nær i alle postkasser. Inngangsporten er medlemsskap. Har du ikkje fått i postkassa di, veit du no grunnen.
Så minner vi om Romjulsmarsjen til trimgruppa 2. juledag. Registrering mellom 11.00-13.00 i grendahuset, og som vanleg med Julefrukost. Støtt opp om eit arrangement som har vore tradisjon sidan 1979!
VIL sender ei ekstra varm helsing til trioen Fridtjof Drabløs, Kaspar Fet og Asbjørg Lade på BUAS. Fridtjof og Kaspar er æresmedlemar, Asbjørg var gift med æresmedlem Karl Lade. Fridtjof er nok blitt varm i trøya der ute, men for Kaspar og Asbjørg blir det annleis og nytt.
Atle Hole
leiar
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024