Nissemarsj 2012
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Des 2012
Velledalen IL og Velledalen Naturbarnehage SA arrangerte Nissemarsj tirsdag 18. desember. Vi hadde start allereide kl. 08.45 og ei løype som både store og små kunne gjennomføre anten sittande i beremeis, i vogn eller på eigen små og store føtter. Totalt var det 43 startande. På veg rundt løypa trudde barn og vaksen at dei hadde fått eit glimt av nissefar sjølv, og nokon av barna meinte at nissen var ho Torild.
Dette kunne imidlertid Torild avkrefte når alle kom attende på barnehagen. For sjølvaste nissen hadde vore på besøk på kontoret til Torild. Nissen syntes at det var dårleg av sjefen på barnehagen ikkje å vere med på nissemarsjen, så han sende henne ut på joggetur rundt Velledalen Kulturpark. Dette måtte ho gjere kvar dag fram til jul sidan ho ikkje hadde vore med på nissemarsjen. Så ser de ein småjoggande barnehagesjef på området rundt barnehagen er det fordi at barna på barnehagen passar på at Torild gjer som nissen har sagt.
Foto Lene Hjellegjerde og Oddny Heggdal Velle
Helsing små og store på Velledalen Naturbarnehage SA
Deltakarliste her
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024