Terje til Finlandia Hiihto.
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Nov 2012
Han var den fyrste som gjekk det 90 kilometer lange Vasaloppet i Sverige, og han var tidlegast ute i König Ludwig Lauf i Tyskland og Engadin Skimarathon i Sveits. Vinteren 2013 er det Finland som står for tur. Nærare bestemt Finlandia Hiihto. Eit 50 kilometer langt turrenn som går i klassisk stil den 23. februar og i fristil dagen etter. Terje stiller i den klassiske delen.
Terje reiser saman med ein gjeng turrenn-entusiastar frå Stranda, Valldal og Geiranger. Sikre kjelder meiner å vite at reisemålet i 2014 for gruppa blir Polen – til eit renn nær Justyna Kowalczyk sine heimetrakter.
Vi ynskjer Terje lukke til med førebuingane til rennet i Finland.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024