Velkomen til Velledalen IL sin stand
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Nov 2012
For å spe på inntekta vart det for mange år sidan bestemt at arrangørane VRF og Velledalen IL kunne ha kvar sin stand under messa. VIL har årvisst hatt slik stand, VRF litt til og frå. Under jubileumsmessa
har berre Velledalen IL stand.
Tilboda er mange. Vi har att blå hettegensarar med Konradløpet sin logo. Desse kostar kr 250,- som er om lag innkjøpspris. Rosa farge er det tomt for, men ein kan tinge under messa. Heilt nytt er t-skjorter i ulike, friske fargar (blå, gul, raud, grøn og lilla). Desse kostar kr 100,- pr. stk
Innan Ullmax har stort utval, særleg i sokkar. Men alle varene frå Ullmax-katalogen, kan tingast.
Vi minner om opningstidene, som i år er 12.00-17.00 både laurdag og sundag.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024