Formel-1 posten ligg i Straumgjerde

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Nov 2012

Med 4202 noteringar er posten heilt suveren. Nær 2000 noteringar betre enn nummer to, Brunstadsætra. Dei tre på «pallen» på denne posten har alle over 400 noteringar. Då går ein jamt. Vigdis Fure toppa i sesongen 2011/ 2012, som ho gjorde året før. Ho stoppa på 589 turar denne sesongen, mot 687 i fjor.

  Kjell Olsen var einaste mann inne på topp-5. Dei fire øvste på lista var på topp-5 også sist sesong. Einaste nye dette året er Anne Lise Hjelle.

   

Interessa ser ut til og vere så stor i dette område at trimgruppa bør vurdere ein ny post i området i tillegg. Gode forslag i så måte bør sendast Nils Terje Skylstad, eller andre i trimgruppa. Her er resultata frå posten Brune 2011/2012:


589 turar: Vigdis Fure


572 turar: Inger Anne Riksheim


414 turar: Solveig Olsen


185 turar: Kjell Olsen


135 turar: Anne Lise Hjelle

   

Her er sluttrangeringa mellom dei ulike postane i trimåret 2011/2012

   1.
   
 Brune Straumgjerde – 4202 noteringar

   2.
   
 Brunstadsætra – 2274 noteringar

   3.
   
 Dammen Riksheimdalen – 1744

   4.
   
 Skogsvegen Fet – 1487

   5.
   
 Sætreelva Holemarka – 1387

   6.
   
 Vellesætra – 1113

   7.
   
 Skogsvegen Hjorthol – 705

   8.
   
 Myrdalsfjellet – 355

   9.
   
 Koppen – 323

   10.
   
 Regndalen – 290

   11.
   
 Høgsætra Fet – 122

   12.
   
 Holetindane – 100

   13.
   
 Skogsvegen Drabløs hadde ikkje bok denne sesongen.

   

   

I nær framtid vil samanlagtresultata bli presenterte på VIL-Nett. Då startar vi på 10. plass og arbeider oss opp mot «pallen». Innspel på alt som har med trimpostane og gjere, skal rettast til trimgruppa. Nils Terje Skylstad er leiar. Han tek òg mot klager på resultata vi har presentert, om det skulle vere slike.